Hjem
Utdanning
Masteremne

Utvalde emne i ikkelineær akustikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePHYS372
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk, norsk dersom berre norskspråklige studentar

  • Ressursar

Undervisningssemester

Annenkvar haust, første gang høsten 2004

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar spesielle emne innanfor ikkje-lineær akustikk. Dette inkluderer teoretisk grunnlag (eindimensjonal modell (Burgers likning), parabolsk approksimasjon (KZK-likninga) og 3-dimensjonal modell (Westervelts approksimasjon)), og bruksområde for ikkje-lineære metodar og teknologi innanfor undervannsakustikk og medisinsk ultralyd, så som eksempelvis harmonisk avbilding, ikkje-lineær demping, sjokkbølgjer, kavitasjon og parametriske antenner.

Læringsutbyte

Forståing av grunnleggande ikkje-lineære metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske anvendelsar av akustikk. Ved fullført emne PHYS372 skal studenten kunne

· forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan ikkje-lineær akustikk,

· gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering og forplantning av ikkje-lineære akustiske bølgjer,

· bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan ikkje-lineær akustikk.

Emnet blir brukt som spesialpensum eller i fagkombinasjon til mastergraden og PhD-graden, og blir tilpassa innhaldsmessig i kvart tilfelle.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS271

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntlig eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon