Hjem
Utdanning
Masteremne

Akustiske målesystem

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet har som mål å gje forståing for analyser og målemetodar knytt til bruk og utvikling av akustiske målesystemar, retta mot grunnleggande forsking innan akustikk og ultralyd, så vel mot teknologiske anvendingar.

 

Innhald: Emnet omhandlar analyse og målemetodar knytte til bruk og utvikling av akustiske målesystem. Dette omfattar eksemplar på akustiske målesystem, metodar for systembeskriving med vekt på bruk av overføringsfunksjoner og impulsresponser, beskriving og verkad av de enkelte delane i målesystemet separat og i systemsamanheng; som sender- og mottakar-transdusere, medieeigenskapar, lydforplantning, akustiske og elektriske koplingar. Emnet bruker forenkla modeller for å beskrive prinsipp og eigenskaper, men presiserer antakelser og forenklinger som slike modeller bygger på, og gir dermed også et godt grunnlag for bruk av meir avanserte modeller som endelig element modellering for å beskrive akustiske målesystem.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan beskrive

  • oppbygging av eksemplar på akustiske målesystem
  • aktuelle funksjonsblokker som systemet kan være oppbygget av
  • eksemplar på aktuelle akustiske målesystem, og forklare betydingar av bruk av systemanalyse for slike målesystem

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke frekvensdomene og tidsdomene beskrivingar av enkeltblokker av systemet og hele systemet

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i prinsipp innan akustiske målesystem, med vekt på å kunne beskrive og forstå verkemåten til enkelte blokker av målesystemet, og forklare korleis disse delane innverkar på totale systemeigenskapar med tanke på signalgjennomgang og signaleigenskaper.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS271, PHYS272

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske numeriske øvelser (8 stk). Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 6 semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren
  • Godkjente numeriske øvelser er påkrevd for å kunne gå opp til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon