Hjem
Utdanning
Masteremne

Teoretisk akustikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePHYS374
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er ei teoretisk orientert påbygging av PHYS271 og er retta mot sentrale metodar og problemstillingar som er viktige i praktiske anvendelsar av akustikk og ultralyd. Det omhandlar deler av klassisk teori for diffraksjon og lydutstråling, spreiing ("scattering") frå enkle objekt (kuler, boblar) og volumspreiarar, bølgjeleiarar i homogene og inhomogene media, grunnleggande akustisk stråleteori og normalmodeteori, Kramers-Krönig kausalitetsrelasjonar i ikkje-idelle væsker, grunnleggande tensoralgebra, grunnleggande elastisitetsteori for isotrope og anisotrope faste stoff, og lineær lydforplantning i elastiske material. Emnet dannar teoretisk grunnlag for vidaregåande studium i eksperimentell og teoretisk akustikk, innan ei rekke ulike bruksområde (som marin akustikk, medisinsk ultralyd, petroleumsakustikk, piezoelektriske transdusarar, endeleg-element-modellering (FEM) av lydforplantning i faste stoff, osv.).

Læringsutbyte

Ved fullført emne PHYS374 skal studenten kunne

· forklare sentrale omgrep, fysiske mekanismar og teoretiske modellar for lyd i gassar og væsker: lydutstråling, lydforplantning i homogene og inhomogene media, diffraksjon, spreiing ("scattering"), kausalitetsrelasjonar.

· forklare sentrale omgrep, fysiske mekanismar og teoretiske modellar for lyd i elastiske media (faste stoff): grunnleggande tensoralgebra, grunnleggande elastisitetsteori for isotrope og anisotrope faste stoff, lineær lydforplantning i elastiske material.

  • forklare sentrale teoretiske metodar og problemstillingar som er viktige i praktiske anvendelsar av akustikk og ultralyd.

Emnet blir brukt som spesialpensum eller i fagkombinasjon til mastergraden og PhD-graden.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS271

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no