Hjem
Utdanning
Årsstudium

Tilrettelegging for læring i fysikk

Undervisningssemester

Haust og vår. Emnet går over to semester, 5 sp haust og 5 sp vår. Oppstart kun om hausten.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å dyktiggjera studenten til å kunne undervise i fysikk og naturfag på fagleg engasjerande og lærerike måtar.

Emnet skal formidle forståing for viktigheten av å ta utgangspunkt i elevenes forkunnskaper og læringsstrategiar og at vidareutvikling av disse krev tilrettelegging for observasjon, refleksjon, språksetting og fagleg dialog knytt til ulike former for problemløysing

Innhald:

Emnet tar opp tema som analyse av læreplaner, planlegging av undervisning, fagsyn, arbeidsmåtar, vurdering for læring og sluttvurdering samt refleksjon over eigen undervisningspraksis. Innan læringsteori vil teori og metodar knytt til fagleg dialog, lesing, skriving, problemløysing og omgrepa representasjonsformer, kunnskapstransformering og læringsstrategiar bli tatt opp. Studenten vil også verta kjent med omgrepa allmenndanning, undervisning for berekraftig utvikling, utforskande arbeidsmåtar, modellering, og utfordringar og moglegheiter knytt til bruk av IKT og praktiske arbeid i fysikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • brei kunnskap om overordna grunngjevnader og målsetningar for skulefaga naturfag og fysikk og korleis måla kan realiserast
  • brei kunnskap om bruk av ulike elevaktive arbeidsmåtar, læremiddel og læringsressursar i fysikk og naturfag
  • god kunnskap om prinsipp og metodar for tilrettelegging for læring, utvikling av læringsstrategiar og vurdering av skulearbeid

Ferdigheiter

Studenten kan

  • identifisere faglege kjerneidear, konkretiseringar og progresjonsløp, og leggja fram fagstoff slik at det blir tilgjengeleg for ulike elevar
  • planlegge, grunngje, gjennomføre og vurdere undervisningsøkter som fremmer utvikling av kompetansar
  • kommunisere med elevane inn mot deira nivå både generelt, om fagstoffet og om deira læring, og praktisere undervegsvurdering
  • anvende elevaktive og utforskande arbeidsmåtar og legga til rette for utvikling av miljømedvit, handlingskompetanse og kritisk tenking.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • søke opp relevant fag- og forskingslitteratur og bruke denne i argumentasjon om didaktiske val og vurderingar
  • undersøke og reflektere innsiktsfult over undervisning og deltakarars responsar på denne alene og i samarbeide med kollegaer/medstudentar
  • formidle fagdidaktiske problemstillingar og teoriar til kollegaer og til allmennheita

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU heltid

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesning og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre obligatoriske skriftlige innleveringer inkludert innleveringer underveis og deltaking i responsgrupper.

Tre munnlege oppgåver med framlegging på seminar

Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.

For å kunne ta eksamen i PHYSDID220-P må normalt emnet PPUPRA101 og 102 være bestått.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftlig oppgåve med krav til analyse av elevobservasjonar og erfaringar frå praksis, utgjer 40 % av karakteren (første semester)
  • Munnleg eksamen (andre semester)

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Spørsmål knyttet til obligatorikk og vurdering kan rettes til studieveileder@ift.uib.no. For øvrige spøsmål, kontakt studieveileder.laerer@mnfa.uib.no.

Eksamensinformasjon