Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Examen facultatum - Innføring i politisk økonomi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om sentrale grunntema i politisk økonomi. POLECON100 skal formidle forståing for samfunnsfenomen som i sterk grad er forma av både økonomiske interesser og politiske prosessar. Økonomiske utfall som vekst og forsyningen av offentlige tjenester er et resultat av både kollektive og private beslutninger foretatt innenfor et rammeverk av politiske, byråkratiske og juridiske institusjoner. Disse beslutningene avhenger i sin tur av de mulige utfallene. Politisk økonomi er studiet av dette samspillet.

POLECON100 tar opp tema som:

  • Grunntrekk i økonomisk politikk og styringOrganiseringa av og verkemåten til dei viktigaste institusjonane i det norske politisk-administrative systemet, særleg dei som er knytte til regulering og styring av marknadsprosessar.
  • Sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon og økonomi

Gjennom introduksjon av sentrale faglege tema skal studentane øvast opp til å bruke organisasjon og økonomiske modellar som forklaringsfaktor i analyse av politisk-økonomiske prosessar og utfall.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • Gi ein oversikt over sentrale perspektiv i faget, som ligg i skjeringsfeltet mellom økonomi, organisasjonsforsking og statsvitskap.  
  • Gjera greie for samfunnsfenomen som i sterk grad er forma av både økonomiske interesser og politiske prosessar.
  • Gjera greie for grunntrekka av organiseringa av og verkemåten til dei viktigaste institusjonane i det norske politisk-administrative systemet som Storting, regjering, sentralforvaltning og kommunale styringsorgan, politiske parti og ulike interessegrupper, samt samspelet mellom desse. 
  • Ha god forståing av samfunnsmessig og statleg styring av marknader og produksjon.  
  • Drøfta samfunnsfenomen i skjæringsfeltet mellom politikk og økonomi basert på forklaringsmodellar med vekt på organisasjon og økonomi.
  • Tileigna seg kunnskapar ut over det lærestoffet som inngår i studiet og bruka denne kunnskapen sjølvstendig.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Kun for studentar tatt opp til Bachelorprogrammet i politisk økonomi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg oppgåve 2500 ord ( +/- 10 %) . Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen med førebuingstid.

Hjelpemiddel til eksamen

Inga

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Fullstendig poengreduksjon med AORG100.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emne vert evaluert kvart 3. studieår.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for Administrasjon og Organisasjonsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    03.12.2019–04.12.2019
    Innleveringsfrist
    02.12.2019, 08:15
    Trekkfrist
    19.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen