Regulering og politikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal kaste lys over nyare idear om korleis ulike marknader kan regulerast og korleis desse har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer. Undervisinga er basert på ein kombinasjon av teoriar frå samfunnsøkonomi, statsvitskap og organisasjonsteori og casestudiar.

Emnet byggjer på AORG101 Organisasjonsteori og etablerer nye kategoriar og nye måtar å forstå organisatoriske strukturar og prosessar på. Vidare byggjer det på ECON110 Mikroøkonomiske grunnbegrep og marknadsteori, som gir ei grunnleggjande innføring i korleis ulike marknadsformer fungerer. Det vil også bli trekkje vekslar på element frå ECON210 Velferd og økonomisk politikk, inkludert omgrep som kollektive gode og eksterne verknader.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte: 

Kunnskap 

Studenten har

  • kunnskap om viktige omgrep frå organisasjonsteori, samfunnsøkonomi og statsvitskap som er relevante for forståing av regulering
  • kjennskap til teoriar frå dei ulike disiplinane som kan brukast til å analysere reguleringstiltak, prosessane som leier fram til dei og korleis dei blir implementert
  • kunnskap om dei spesifikke døma på regulering og politikk som kjem fram gjennom casestudiane
  • kjennskap til empiriske metodar for å analysere dei økonomiske og politiske prosessane som former styring og regulering

Ferdigheter 

Studenten kan

  • gi en oversikt over styringstiltak i offentleg sektor, med særleg vekt på marknadsregulering
  • gjere greie for korleis styring og regulering er forma av både økonomiske interesser og politiske prosessar
  • gjere greie for viktige omgrep og modellar innafor økonomisk organisasjonsteori, inkludert prinsipal-agent-teori, og forstå korleis desse kan nyttast til å analysere styring og regulering
  • formulere presise og relevante problemstillingar knytt til forholdet mellom politikk og økonomi på reguleringsfeltet

Kompetanse

Studenten kan

  • analysere styringsformer og reguleringstiltak, med vekt på nyare organisasjonsteori, teoriar om regulering og økonomiske modellar
  • uttrykke seg klart, ryddig og argumenterande i både skriftleg og munnleg framstilling av tematikken

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

emnet gikk siste gang våren 2023

Krav til forkunnskapar
AORG101, ECON110 og ECON140
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Berre for bachelorstudentar i politisk økonomi
Arbeids- og undervisningsformer
1-2 førelesningar/samlingar i veka, til saman 7-9 forelesingar og 3 presentasjonssamlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på regulære førelesingar, tre caseførelesningar og tre presentasjonssamlingar med munnleg presentasjon i grupper og kommentering av presentasjonar frå andre studentar. Kvar caseforelesing tar for seg eit case; studenten(e) førebur ein presentasjon om dette caset til den neste presentasjonssamlinga. Obligatorisk innlevering av prosjektskisse og førsteutkast av semesteroppgåva. Vurderinga av arbeidskravet er basert på oppmøte, dei tre munnlege presentasjonane og det skriftlege grunnlaget til desse, kommenteringa av dei andre studentane sine presentasjonar og prosjektskisse og førsteutkast for semesteroppgåva.

Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig inneverande semester.

Vurderingsformer
Semesteroppgåve. Oppgåva skal ta utgangspunkt i ei av studentens eigne presentasjonar, og studenten skal vidareutvikla dette til ei sjølvstendig oppgåve.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Emneansvarleg
Institutt for økonomi