Bacheloroppgåve i politisk økonomi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePOLECON250
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjemnnomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei problemstilling innanfor temaet politisk økonomi ved hjelp av den "verktøykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.
Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva.
Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Det vert rådd til at oppgåvetema og problemstilling veljast med utgangspunkt i dei tematiske emne som det til einkvar tid vert gitt undervisning i ved institutta. Studenten kan også velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje vert undervist i, men då i samråd med instituttet.
Læringsutbyte
Ein student med som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte, definert i ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- kan anvende teori og empiri til å forstå problemstillingar innafor politisk økonomi
- har kjennskap til vitskapeleg skriving og kjeldebruk
Ferdigheiter
Studenten...
- kan formulere, drøfte og analysere en problemstilling i politisk økonomi
- kan skrive en klar og strukturert oppgåve
- kan innhente passande litteratur
Kompetanse
Studenten...
- mestre skriftleg og munnleg presentasjon av eige arbeid
- kan drøfte andre sitt arbeid kritisk
Krav til forkunnskapar
ECON110, ECON130, ECON140, ECON210, ECON230, ECON240, AORG101, AORG103/AORG107
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Berre for bachelorstudentar i politisk økonomi
Arbeids- og undervisningsformer
Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.
Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Godkjend prosjektskildring, munnleg presentasjon og deltaking på 1. gruppesamling.
- Godkjend førsteutkast og deltaking på individuell rettleiing.
- Godkjend utkast til 2. gruppesamling, samt munnleg presentasjon og opposisjon
Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvart av dei obligatoriske krava.
Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig inneverande semester.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for økonomi
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Bacheloroppgåve
- Innleveringsfrist
- 12.05.2023, 12:00
- Trekkfrist
- 28.04.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen