Bacheloroppgåve i politisk økonomi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjemnnomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei problemstilling innanfor temaet politisk økonomi ved hjelp av den "verktøykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva.

Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Det vert rådd til at oppgåvetema og problemstilling veljast med utgangspunkt i dei tematiske emne som det til einkvar tid vert gitt undervisning i ved institutta. Studenten kan også velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje vert undervist i, men då i samråd med instituttet.

Læringsutbyte

Ein student med som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte, definert i ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kan anvende teori og empiri til å forstå problemstillingar innafor politisk økonomi
  • har kjennskap til vitskapeleg skriving og kjeldebruk

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan formulere, drøfte og analysere en problemstilling i politisk økonomi
  • kan skrive en klar og strukturert oppgåve
  • kan innhente passande litteratur

 

Kompetanse

Studenten...

  • mestre skriftleg og munnleg presentasjon av eige arbeid
  • kan drøfte andre sitt arbeid kritisk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

emnet gikk siste gang våren 2023

Krav til forkunnskapar
ECON110, ECON130, ECON140, ECON210, ECON230, ECON240, AORG101, AORG103/AORG107
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Berre for bachelorstudentar i politisk økonomi
Arbeids- og undervisningsformer

Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.

Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Godkjend prosjektskildring, munnleg presentasjon og deltaking på 1. gruppesamling.
  • Godkjend førsteutkast og deltaking på individuell rettleiing.
  • Godkjend utkast til 2. gruppesamling, samt munnleg presentasjon og opposisjon
  • Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvart av dei obligatoriske krava.

    Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig inneverande semester.

    Vurderingsformer
    Bacheloroppgåve
    Karakterskala
    Karakterskala A-F
    Vurderingssemester
    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Institutt for økonomi