Hjem
Utdanning
Årsstudium

Integrert pedagogikk og realfagsdidaktikk 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePPUDEL101
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og praksisskular

Mål og innhald

Målet for emnet er at studenten skal demonstrere ei grunnleggjande forståing av kva det vil seie å byggje eit fellesskap av lærande og å planleggje, gjennomføre og evaluere matematikkundervisning på ein profesjonell måte. Grunnprinsippa i emnet handlar om at profesjonell praksis krev god kommunikasjon, merksemd på dei etiske og verdimessige sidene ved læraryrket og at ein tenkjer kritisk om faget og eiga og andre si undervisning.

Hovudtemaet for emnet er undervisning. Meir konkrete tema er kommunikasjon og undervisning, utforsking og problemløysing, kritisk tenking og demokrati, etikk og verdiar, kunnskapsformer og utdanning, og profesjonell utvikling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten kan:

  • forklare likskapar og skilnader mellom omgrepa pedagogikk og matematikkdidaktikk og korleis desse kjem til syne i ulike deler av undervisningsprosessen i matematikkfaget
  • forklare grunnleggjande trekk ved forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap om undervisning

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • gjennomføre enkle etnografiske undersøkingar i skulen
  • ta i bruk relevant pedagogisk og fagdidaktisk teori og forskingslitteratur i munnleg og skriftleg arbeid
  • lage enkle matematikkfaglege mikroundervisningsopplegg og ta i bruk digitale hjelpemiddel i desse

Generell kompetanse:

Studenten kan:

  • bidra til å skape eit sosialt og kognitivt fellesskap av lærande på nett og i samlingar
  • presentere caseforteljingar med utgangspunkt i matematikkfaglege undervisningssituasjonar samt analysar av desse for studentgruppa
  • demonstrere eigne mikroundervisningsopplegg for studentgruppa med aktiv bruk av digitale hjelpemiddel
  • delta i fagfellevurdering av andre studentar sine presentasjonar av caseforteljingar og analysar av desse på nett og i samlingar
  • Reflektere over eiga kompetanseutvikling

Krav til studierett

Studierett på praktisk-pedagogisk utdanning deltid ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er lagt opp etter ein integrert modell med samarbeid mellom pedagogikk og didaktikk i undervisning, oppgåver, rettleiing, praksis og eksamen. Undervisninga blir organisert som ei blanding av nettbasert studium og tre samlingar. På samlingane får studentane førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.

Studentane har tilbod om til saman 2 timar individuell rettleiing av matematikkdidaktikar og pedagog.

Emnet har 10 dagar praksis som skal gjennomførast i løpet av 4 veker:

  • Praksis føregår normalt i ungdomsskule i grupper, par eller individuelt
  • Praksis skal fortrinnvis gjennomførast i matematikk og naturfag, men andre realfag kan også vere aktuelle
  • Ein praksisdag er definert som minimum 6 skuletimar (á 45 minutter). Dette inkluderer forarbeid, undervisning/observasjon og rettleiing, samt møteaktivitetar ved skulen

Praksis er tilpassa og fleksibel slik at skule og student i fellesskap blir einige om når praksis blir gjennomført innafor den gitte praksisperioden. Praksis blir evaluert ved praksisskulen og av pedagogar og didaktikarar på praksisbesøk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på samlingar
  • 10 praksisdagar i skulen
  • To oppgåver med innleveringar og presentasjonar samt ein nettbasert diskusjon undervegs
  • Deltaking i responsgrupper, kvar med fire-fem studentar på nett og i samlingar. Responsgruppene er hovudsakelig knytt til skriftleg og munnleg fagfellevurdering av dei to innleveringsoppgåvene.

Dei obligatoriske aktivitetane må være godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

10 dagars skriftleg heimeeksamen på +/- 4000 ord.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber evaluering ved hjelp av standardisert spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering av denne evalueringa i Studiekvalitetsbasen.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10