Hjem
Utdanning
Årsstudium

Integrert pedagogikk og realfagsdidaktikk 2

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og praksisskolar

Mål og innhald

Målet for emnet er at studenten skal kunne demonstrere korleis ein kan tilpasse opplæringa i skolen til elevmangfaldet dei møter, basert på skolen sitt mandat, lovverk, læreplanverk, verdisyn og relevant matematikkdidaktisk og pedagogisk forsking.

Til grunn for dette målet ligg ei oppfatning om at skolen og den enkelte lærar må ha god og systematisk kommunikasjon med interne og eksterne aktørar for å ta vare på elevmangfaldet og tilpasse opplæringa. For å nå det overordna målet for emnet, må studenten ha kjennskap til dei ulike aktørane og kunne kommunisere respektfullt, tydeleg og planmessig med dei.

Hovudtemaet for emnet er mangfald i skolen. Meir konkrete tema er tilpassa opplæring, differensiert undervisning, spesialundervisning, skolens lovverk og mandat, kommunikasjon med interne og eksterne aktørar i skolen, og etikk og verdiar knytt til desse tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • forklarer korleis ein kan leggje matematiske læringsaktivitetar til rette for elevar med ulike læreføresetnader
  • forklarer dei overordna målsettingane for matematikk i skolen og kvifor matematikk har sin plass som skolefag
  • forklarer prinsippa for tilpassa opplæring og skilnader på vid og brei forståing av denne i norsk skole
  • forklarer korleis lovverket er med på å styre kommunikasjonen med interne og eksterne aktørar

Ferdigheiter
Studenten

  • gjennomfører observasjonar av og intervju med ulike aktørar i skolen
  • lagar differensierte undervisningsopplegg i matematikk basert på prinsippa for tilpassa opplæring ved hjelp av digitale hjelpemiddel
  • lagar ei case-forteljing basert på eiga praksiserfaring og nyttar henne som grunnlag for eksamenspresentasjonen sin
  • analyserer matematikkfaglege samtaler, samt skriving, lesing, rekning og bruk av IKT i matematikk i lys av kritisk matematikk og forsking knytt til tilpassa opplæring og kulturelt mangfald
  • reflekterer systematisk over eigen undervisningspraksis med tanke på profesjonell utvikling både i rettleiingssamtaler knytte til praksis og i eigne case-forteljingar frå praksis

Generell kompetanse

Studenten

  • finn relevant fag- og forskingslitteratur og bruker den i argumentasjon for eigne fagdidaktiske val og vurderingar og i analysar av andre sine undervisningsopplegg
  • deltar aktivt i kommunikasjon i ulike fora om fagdidaktiske og pedagogiske problemstillingar knytte til mangfald og tilpassa opplæring
  • handlar i samsvar med skolen sitt mandat og lovverk og verdiane mandatet og lovverket er tufta på for å tilpasse undervisninga til barn og unge i vanskelege livssituasjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Studierett på praktisk-pedagogisk utdanning deltid ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert omkring 3 samlingar. På samlingane får studentane førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. Utanom samlingane får studentane nettbaserte oppgåver. Dei vil og få tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. Kvar student får tilbod om 2 timar rettleiing.

Undervisningspraksis i skolen er på 20 dagar:

  • Studentane vil normalt ha praksis på vidaregåande skole i grupper, par eller individuelt.
  • Praksis skal fortrinnsvis gjennomførast i matematikk og naturfag, men andre realfag kan også vere aktuelle.
  • Praksis skal innehalde ein observasjonsdel i første del av perioden (1. veke). I resten av perioden skal studentane få gradvis auka ansvar. Dette inneber å gjennomføre undervisningsøkter i par og individuelt.
  • Ein praksisdag er definert som minimum 6 skoletimar (4,5 klokketimar). Dette inkluderer forarbeid, undervisning, observasjon og rettleiing, samt andre møteaktivitetar på skolen.
  • Praksis er tilpassa slik at skole og student i fellesskap kan bli einige om når praksis blir gjennomført innanfor ein gitt tidsperiode.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på samlingane.
  • 20 praksisdagar i skolen.
  • Tre obligatoriske oppgåver av variert omfang og form. Det er obligatorisk å delta i aktivitetar knytte til oppgåvene. Slike aktivitetar kan vere presentasjon av oppgåver på samlingar og fagfellevurdering av andre studentar sine oppgåver. Studentane får munnleg og/eller skriftleg tilbakemelding på oppgåvene. Arbeidet med oppgåvene skal danne grunnlaget for ein individuell eksamenspresentasjon.

Dei obligatoriske aktivitetane må være godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
Munnleg eksamen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret og 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber evaluering ved hjelp av standardisert spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering av denne evalueringa i Studiekvalitetsbasen.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon