Hjem
Utdanning
Årsstudium

Integrert pedagogikk og realfagsdidaktikk 3

Studiepoeng, omfang

15

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og praksisskolar

Mål og innhald

Målet for emnet er at studenten ved avslutta kurs skal vise grunnleggjande forståing av profesjonell naturfagundervisning, kritisk tenking i og om undervisning, og fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk utvikling i læraryrket.

Hovudtema for emnet er undervisning, kritisk tenking og profesjonell utvikling. Undertema kan vere:

  • planlegging, gjennomføring og evaluering av variert undervisning i naturfag på ulike læringsarenaer og tilpassa ulike elevgrupper
  • praksisorientert utviklingsarbeid
  • ulike kunnskapsformer

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • veit kva læreplanar og andre styringsdokument seier om grunn¬leggjande ferdigheiter i naturfag
  • kan greie ut om omgrepslæring og djupnelæring i naturfag og korleis desse omgrepa blir framstilte i forskingslitteratur og styringsdokument
  • kan gjere greie for ulike former for undervisning for berekraftig utvikling og bruk av natur, inkludert naturbruk og natur-forvaltning i den samiske kulturen
  • kan forklare korleis dei planlagde aktivitetane kan fremje kognitiv utvikling og språkleg aktivitet hjå elevane
  • kjenner prinsippa for læring gjennom dialog og for utforskande arbeidsmåtar i undervisning
  • kan gjere greie for teoriar om profesjonell utvikling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan undervise i naturfag i lys av sentrale teoriar om læring og motivasjon
  • varierer undervisninga
  • stimulerer elevane til å tileigne seg grunnleggjande ferdigheiter
  • stimulerer elevane til å utvikle kunnskap om og respekt for natur og miljø
  • tar ansvar for opplæring, klassemiljø og tryggleik knytt til ulike undervisningsformer
  • kan leie klassar/elevgrupper på ekskursjon og i laboratorieaktivitetar i naturfag
  • legg for dagen aukande meistring av læraryrket og evne til å reflektere over si eiga utvikling i praktisk arbeid og i dei obligatoriske oppgåvene

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å reflektere kritisk over planlegging og gjennomføring av naturfagundervisning på ulike arenaer og i heterogene elevgrupper
  • finn, brukar og vurderer relevant fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk litteratur i fagleg argumentasjon og undervisning
  • arbeider målretta med å utvikle sin eigen profesjonalitet på eiga hand og i samarbeid med andre

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha greidd PPUDEL101 og PPUDEL102.

Krav til studierett

Studierett på praktisk-pedagogisk utdanning deltid ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er lagt opp etter ein integrert modell med samarbeid mellom pedagogikk og didaktikk i undervisning, oppgåver, rettleiing, praksis og eksamen. Undervisninga blir organisert som ei blanding av nettbasert studium, tre samlingar og praksis. På samlingane møter studentane varierte undervisningsformer, m.a. førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.

Studentane har tilbod om til saman 2 timar individuell rettleiing av fagdidaktikar og pedagog.

Emnet har 20 dagar praksis som skal gjennomførast i løpet av 8 veker:

  • Praksis vil normalt bli lagt til ein ungdomsskole.
  • Studentane har praksis i grupper, par eller individuelt.
  • Praksis skal helst gjennomførast i matematikk og naturfag, men andre realfag kan også vere aktuelle
  • Ein praksisdag er definert som minimum 6 skoletimar (4,5 klokketimar). Dette inkluderer førearbeid, observasjon, undervisning og rettleiing, samt møte og liknande aktivitetar ved skolen.
  • Praksis er tilpassa og fleksibel slik at skole og student i fellesskap blir einige om når praksis blir gjennomført innafor den gitte praksisperioden.
  • Praksis blir evaluert ved praksisskolen og av pedagogar og fagdidaktikarar på praksisbesøk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på samlingar
  • 20 praksisdagar i skolen
  • To innleveringar av utkast til praksisoppgåve
  • Munnlege presentasjonar av eige prosjektarbeid undervegs
  • Deltaking i responsgrupper med fagfellevurderingar

Dei obligatoriske aktivitetane må være godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftlig praksisoppgåve på 4000 ord +/- 10%

Karakterskala

A ¿ F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Institutt

Institutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 2710

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Aksjonsforskingsrapport

    Innleveringsfrist
    12.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    28.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen