Integrert pedagogikk og realfagsdidaktikk 4

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet for emnet er at studenten skal utvikle inngåande forståing av kva det vil seie å byggje eit fellesskap av lærande og lære å planleggje, gjennomføre og evaluere naturfagundervisning på ein profesjonell måte.

Hovudtemaet for emnet er læringsfellesskap, kritisk tekning og utforsking og problemløysing i naturfagundervisning.Undertema kan vere:

  • lærarar og elevar i læringsfellesskap
  • vitskapelege tenke- og arbeidsmåte
  • kritisk tenking og vurdering i undervisning, læring og forsking
  • utforsking, problemløysing og vurdering i naturfag

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • skal kunne lage undervisningsopplegg som inkluderer naturvitskapelege metodar og forståing for korleis naturvitskapeleg forsking blir utvikla i forskingsfelleskap
  • kan velkvalifisert og tydeleg gjere greie for og reflektere over ulike teoriar om utdanninga og viser dette i munnleg og skriftleg arbeid
  • kjenner til og kan gjere greie for undersøkjande og utforskande arbeidsmåtar i undervisning
  • kjenner til og kan forklare sentrale prinsipp for fremjing av kritisk tenking
  • har kjennskap til og kan forklare læringsteoriar og teoriar om læringsfellesskap

Ferdigheiter

Studenten

  • viser evne til å engasjere elevane gjennom variert undervisning, inkludert opne oppgåver og problembasert og utforskande læring
  • legg til rette for utvikling av ulike former for kunnskap hos elevane
  • legg vinn på å fremje elevane si forståing av korleis naturvitskapleg kunnskap vert utvikla
  • nyttar kritisk vurdering når han/ho planlegg og underviser og stimule-rer elevane til sjølv å tenke kritisk
  • lagar differensierte oppgåver i naturfag og kan drøfte undervegs- og sluttvurdering i naturfag

Generell kompetanse

Studenten

  • kan orientere seg i og kritisk vurdere fagdidaktisk og pedagogisk faglitteratur
  • kan bidra kritisk og konstruktivt til utviklingsarbeid ved eigen skole
  • forstår og kan forklare kva eit læringsfellesskap er på mikro-, meso- og makronivå og kan leggje fram velfunderte synspunkt på korleis slike fellesskap kan og bør kultiverast for å fremje trivsel og læring
  • er medviten om og kan vise at både lærarar og elevar er delar av læringsfellesskap på fleire nivå

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og praksisskolar
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha greidd PPUDEL101, PPUDEL102 og PPUDEL103.
Krav til studierett
Studierett på praktisk-pedagogisk utdanning deltid ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er lagt opp etter ein integrert modell med samarbeid mellom pedagogikk og didaktikk i undervisning, oppgåver, rettleiing, praksis og eksamen. Undervisninga blir organisert som ei blanding av nettbaserte studier, tre samlingaer og praksis. På samlingane møter studentane varierte undervisningsformer, m.a. førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.

Studentane har tilbod om til saman 2 timar individuell rettleiing av naturfagdidaktikar og pedagog.

Emnet har 10 dagar praksis som skal gjennomførast i løpet av 4 veker:

  • Praksis føregår normalt i vidaregåande skole i grupper, par eller individuelt
  • Praksis skal helst gjennomførast i matematikk og naturfag, men andre realfag kan også vere aktuelle
  • Ein praksisdag er definert som minimum 6 skoletimar (4,5 klokketimar). Dette inkluderer forarbeid, undervisning/observasjon og rettleiing, samt møte og liknande aktivitetar ved skulen
  • Praksis er tilpassa og fleksibel slik at skule og student i fellesskap blir einige om når praksis blir gjennomført innafor den gitte praksisperioden
  • Praksis blir evaluert ved praksisskolen, eventuelt også av pedagogar og didaktikarar på praksisbesøk
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på samlingar
  • 10 praksisdagar i skolen
  • Innlevering av to oppgåver som skal inngå i eksamensmappa
  • Deltaking i responsgrupper med fagfellevurderingar
  • Dei obligatoriske aktivitetane må være godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

    Vurderingsformer
    Mappeeksamen med to oppgåver og eit samanbindande refleksjonsnotat på til saman 5000 ord +/- 10%. Refleksjonsnotatet skal være på 500-700 ord. Det skal ha med refleksjonar over eigen lærings- og danningsprosess gjennom studiet. Ei av dei to oppgåvene kan ha tema frå tidlegare emne. Oppgåvene skal ha om lag like stort omfang.
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber evaluering ved hjelp av standardisert spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering av denne evalueringa i Studiekvalitetsbasen.
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet