Hjem
Utdanning
Årsstudium

Praksis PPU 1.semester

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB

Mål og innhald

Praksis inneber rettleia undervisning i skulen og er knytt til pedagogikk- og fagdidaktikkemne. Praksis inneber normalt både observasjon av undervisning, undervisning åleine og i samarbeid med medstudent(-ar), samt deltaking i andre skulerelevante aktivitetar. Studentane skal lære å planlegge og gjennomføre gode lærings- og undervisningsøkter og vurdere slike ut frå didaktiske og pedagogiske perspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal etter å ha fullført praksis ha følgjande samla læringsutbyte i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar:

Studenten

  • Har kunnskap om vilkår for god læring og klasseleiing.
  • Har innsikt i kva faktorar som påverkar utøvinga av lærarrolla.

Ferdigheiter:

studenten

  • kan planlegge undervisninga - enkelttimar og lengre periodar - med eiga formulering av læringsmål, metodar i undervisninga og kunne vurdere dette ut frå didaktisk og pedagogisk innsikt.
  • kan kommunisere med elevane ut frå nivået deira generelt og fagleg og om læringa deira.

Generell kompetanse:

Studenten

  • evnar å ta omsyn til og vise respekt for integriteten til den enkelte elev.
  • klarer å samarbeide konstruktivt med rettleiarar, kollegaer og medstudentar om elevane si læring.
  • kan utvikle og betre eiga undervisning over tid på bakgrunn av kritisk refleksjon over eigne kunnskapar, eigne erfaringar og innspel frå kollegaer og rettleiarar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Studenten må vere teken opp på eittårig praktisk pedagogisk utdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Praksisopplæring ved ein skule i 30 dagar.

Praksisplass blir tildelt og blir gjennomført på ein av UiBs samarbeidsskular. Det er ikkje mogleg å ha praksis på eigen arbeidsplass.

For meir informasjon, sjå retningsliner for praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

100% obligatorisk deltaking

Fylle ut praksislogg. Jamfør obligatoriske arbeidskrav i emneskildringa for PPUPRA102.

Vurderingsformer

Praksis.

Undervegsvurderingar vert gjennomført av pedagogar/fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen i samband med praksisbesøk på skulane. Praksisskulane sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført. Sjå praksisreglement.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon