Hjem
Utdanning
Årsstudium

Praksis PPU 2. semester

  • Studiepoeng0
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePPUPRA102
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB

Mål og innhald

Emnet byggjer vidare på mål og innhald i PPUPRA101. I PPUPRA102 skal studentane også tileigne seg forståing av dei ytre rammevilkåra som gjeld for undervisninga i skulen. I tillegg skal studentane utvikle ei forståing av lærarprofesjonen og eit medvit rundt yrkesetiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal etter å ha fullført praksis ha følgjande samla læringsutbyte i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar:
Studenten

  • har kunnskap om overordna målsetningar og danningstenking for sine skulefag og for skulen som heilskap
  • har kunnskap om skulen sine sentrale og lokale styringsdokument, reglement og ordningar med relevans for undervisning, klasseleiing og samarbeid med andre i skulesamfunnet

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan praktisere god klasseleiing, bidra til å skape eit godt læringsmiljø og arbeide med å fremje elevane sine læringsstrategiar.
  • kan bruke eit repertoar av arbeidsmåtar og teknikkar tilpassa faget sin eigenart og elevane sine føresetnader og velje hjelpemiddel og læremiddel på ein innsiktsfull måte.
  • kan kommunisere med elevane på deira nivå både generelt, faglig og om deira læring.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan rettleie og vurdere skulearbeid ut frå fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk innsikt, samt elevane sine utfordringar, faglege interesser, motivasjon, læringsstrategiar, arbeidsvanar og mål.
  • kan reflektere kritisk over yrkesetiske problemstillingar og vilkår for utvikling av skulen.
  • kan relatera eige disiplinfagleg utviklingsarbeid til profesjonsfagleg kunnskap og røynsler frå praksis.

Krav til forkunnskapar

PPUPRA101

Krav til studierett

Studenten må vere teken opp på eittårig praktisk pedagogisk utdanning.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Praksisopplæring ved ein skule i 30 dagar.
Praksisplass blir tildelt og blir gjennomført på ein av UiBs samarbeidsskular. Det er ikkje mogleg å ha praksis på eigen arbeidsplass.

For meir informasjon, sjå retningsliner for praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

100 % deltaking i praksis.

Alle studentar skal ha 30 dagar praksisopplæring ved ein praksisskule.
Praksis inneber rettleiing, undervisning og observasjon av undervisning, førebuing til undervisning, deltaking på møtar m.m.
Studentar skal ha minimum 60 undervisningstimar i løpet av den 30 dagar lange praksisperioden.

Praksislogg skal vere utfylt med dokumentasjon på at minst 5 av 8 loggaktivitetar er gjennomført i løpet av

1. og 2. praksisperiode

Vurderingsformer

Praksis.

Undervegsvurderingar vert gjennomført av pedagogar/fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen i samband med praksisbesøk på skulane. Praksisskulane sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført. Sjå praksisreglement.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet.

Programrådet for lektorutdanning er emneansvarlig for PPUPRA102.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no eller på studierettleiar.psyfa@uib.no