Praksis PPU 2. semester

Årsstudium

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet byggjer vidare på mål og innhald i PPUPRA101. I PPUPRA102 skal studentane også tileigne seg forståing av dei ytre rammevilkåra som gjeld for undervisninga i skulen. I tillegg skal studentane utvikle ei forståing av lærarprofesjonen og eit medvit rundt yrkesetiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal etter å ha fullført praksis ha følgjande samla læringsutbyte i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar: Studenten

  • har kunnskap om overordna målsetningar og danningstenking for sine skulefag og for skulen som heilskap
  • har kunnskap om skulen sine sentrale og lokale styringsdokument, reglement og ordningar med relevans for undervisning, klasseleiing og samarbeid med andre i skulesamfunnet

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan praktisere god klasseleiing, bidra til å skape eit godt læringsmiljø og arbeide med å fremje elevane sine læringsstrategiar.
  • kan bruke eit repertoar av arbeidsmåtar og teknikkar tilpassa faget sin eigenart og elevane sine føresetnader og velje hjelpemiddel og læremiddel på ein innsiktsfull måte.
  • kan kommunisere med elevane på deira nivå både generelt, faglig og om deira læring.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan rettleie og vurdere skulearbeid ut frå fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk innsikt, samt elevane sine utfordringar, faglege interesser, motivasjon, læringsstrategiar, arbeidsvanar og mål.
  • kan reflektere kritisk over yrkesetiske problemstillingar og vilkår for utvikling av skulen.
  • kan relatera eige disiplinfagleg utviklingsarbeid til profesjonsfagleg kunnskap og røynsler frå praksis.

Fulltid/deltid

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk pedagogisk utdanning

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Praksisskular og UiB
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studenten må vere teken opp på eittårig praktisk pedagogisk utdanning.
Arbeids- og undervisningsformer
  • 30 dagars undervisningspraksis
  • Rettleiing
  • Deltaking i relevante aktivitetar på skulen og universitetet
  • Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

    Praksisopplæring ved ein skule i 30 dagar.
    Praksisplass blir tildelt og blir gjennomført på ein av UiBs samarbeidsskular. Det er ikkje mogleg å ha praksis på eigen arbeidsplass.

    For meir informasjon, sjå retningsliner for praksis.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • 100% obligatorisk deltaking. Sjå arbeids- og undervisningsformer, over.
  • Praksislogg skal vere utfylt med dokumentasjon på at minst 5 av loggaktivitetane er gjennomført i løpet av praksisperioden.
  • Obligatoriske arbeidskrav i PPUPRA102 er berre gyldige i eit semester.

    Vurderingsformer
    Praksis. Undervegsvurderingar vert gjennomført av pedagogar/fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen i samband med praksisbesøk på skulane. Praksisskulane sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført. Sjå praksisreglement.
    Karakterskala
    Greidd/ikkje greidd
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    .
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem
    Hjelpemiddel til eksamen
    .
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet
    Emneansvarleg

    Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet.

    Programstyret for lektorutdanning er emneansvarlig for PPUPRA102.

    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.