Praktisk informasjonsarbeid

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

PRAKTINF går ikke våren 2024.

Studentane skal få trening i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver, og få teoretisk og metodisk innsikt i korleis kommunikasjonsarbeid kan foregå.

Kurset omfattar sentrale emne innan formidling av praktisk informasjon. Det vil seie kunnskap om kva kommunikasjon er, korleis ein finn og vurderer informasjon, korleis ein brukar skriftspråket som verktøy, og korleis ein i det heile best kan få formidla ein bodskap på ein effektiv måte. Omsynet til mottakarar av informasjon og praktisk arbeid med språk står sentralt.

Studiet er sett saman av fire faglege hovudperspektiv, som dels vil overlappe kvarandre:

1. Teori: Vekta blir lagd på omgrep knytte til kommunikasjon, informasjon og informasjonsarbeid.

2. Informasjonssøking: Det omfattar strategiar og teknikkar for søking, siling av informasjon, siteringsteknikk og bruk av referansar, etikk ved bruk av informasjon frå andre, og opplæring i bruk av elektroniske søkjeverktøy.

3. Skriving og andre uttrykksmåtar: Arbeidsspråket er norsk. Hovudvekta blir lagd på praktisk skriving og innlevering av korte tekstar ca. ein gong i veka. Det vil vere tekstar knytte til privat og offentleg verksemd, og dessutan særkrav for nettsider. Det blir lagd vekt på å skrive enkelt, strukturert, fokusert, rett, og med god stil. Dessutan vil det bli lagd noko vekt på grafisk utforming og munnleg presentasjon.

4. Formidling: Delemnet omfattar formidlingsstrategiar, både gjennom medium ein produserer sjølv, og gjennom eksterne kanalar. Det blir også lagd vekt på korleis ein kan søkje råd og kjøpe inn eksterne tenester. Arbeidet med formidling blir òg knytt til rettsreglar og etikk for presentasjon og vidareformidling av informasjon.

Praksisperioden: Praksisen blir lagd til private verksemder, offentlege kontor og institusjonar, eller til prosjekt ved UiB knytt til emnestudiet.

Emneleiinga/-administrasjonen har ansvar for å skaffe praksisplass til alle, gjere avtaler om innhaldet for praksisen på den einskilde arbeidsplassen og halde kontakt med studentane og representantar for praksisplassen i praksisperioden. Dersom studentar ønskjer å skaffe eigen plass, må dei informere emneleiinga og gjere ein foreløpig avtale med arbeidsstaden innan ein gitt frist. Emneleiinga skal kvalitetssikre og godkjenne alle praksisplassar.

Læringsutbyte

KunnskaparStudenten skal lære seg grunnleggjande kommunikasjonsteori, irekna kommunikasjonsplanlegging,nettsideanalyse, målgruppeanalyse og krisekommunikasjon. Studenten skal òg lære å skriva korte teksterog vite kva som kjenneteiknar ei god pressemelding.FerdigheiterStudenten vil i praksis kunne nytta kommunikasjonsfaglege verktøy i ei praktisk arbeidssituasjon.Studenten vil også få erfaring med korleis arbeidslivet fungerer; her vil dei få utfordringar knytt tilsjølvstendig arbeid, men òg korleis ein skal arbeide i som ein del av eit team. Studenten vil bli utfordra til åfremja og nytta sin eigen formelle og uformelle kompetanse i ein arbeidssituasjon.Generell kompetanseStudentane vil ha tileigna seg kunnskap om kva kommunikasjon er, korleis ein finnog vurderer informasjon, korleis ein brukar skriftspråket som verktøy, og korleis ein i det heile best kan fåformidla ein bodskap på ein effektiv måte. I tillegg skal studentane bli i stand til å jobbe medkommunikasjonsoppgåver i den norske arbeidsmarknaden.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar

Studentar må meistre norsk rettskriving og uttrykksmåte.

Minimum 120 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar
-
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlappar med HERMOD620 (10 studiepoeng)
Krav til studierett

Minimum 120 studiepoeng. Emnet har avgrensa plass. Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioriterte etter karaktersnitt.

Studentar som ønskjer å ta emnet, må registrere undervisningsmelding i Studentweb innan gitt frist. Opptak blir kunngjort innan undervisningsstart.

Arbeids- og undervisningsformer
Semesteret består av undervisning og praksis. Undervisninga er lagt opp som førelesingar der sentralt pensum og sentrale tema blir handsama, og som seminar med praktiske øvingar. Her vil ein nytte elektroniske læringsprogram. Det blir lagt opp til stor studentaktivitet. Undervisninga finn i hovudsak stad i første halvdelen av semesteret, oftast med sju timar i veka, etterfølgd av ein fem vekers praksisperiode på 75 arbeidstimar. Oppstart av praksis føreset at ein følgjer progresjonen med innlevering og godkjenning av obligatoriske oppgåver. Ei prosjektoppgåve skal fullførast etter at praksisperioden er avslutta. Prosjektoppgåva skal helst vere knytt til arbeidet i praksisperioden.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Kvar veke fram til praksisperioden skal studentane levere inn obligatoriske oppgåvesvar innan gjevne fristar. Studentane skal òg ha ein praksisperiode på 75 arbeidstimar. Dei skal leggje fram ein kort munnleg presentasjon av praksisperioden på internt seminar.

Alle dei obligatoriske aktivitetane blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent. Alle dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende før ein student kan gå opp til eksamen.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer
Eksamen er todelt. Den eine delen er ein heimeeksamen på fire dagar. Andre delen er ei prosjektoppgåve. Begge delar skal omfatte 2000-2500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Det blir gjeve eigen karakter for kvar av dei to prøvene, og ved utrekning av samla karakter blir dei to prøvene vekta likt. Studenten må stå på begge prøvene i same semesteret for å stå på heile eksamenen.
Karakterskala
Studentane leverer heimeeksamen og prosjektoppgåve som blir vurderte etter gradert skala (A-F) av faglærar og sensor. Dette blir den endelege karakteren.
Vurderingssemester
Haust og vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 600 sider.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium