Kursomtale
Kursinnhald
Mål for emnet er at kandidatane:
- tileignar seg djupnekunnskap om praxeologiske teoriar, utvalgte omgrepe og metodologi, og om hvordan desse kan brukast i master-/Ph.D.-prosjektet deira
- utvider kjennskapen sin til teoretiske/empiriske praxeologiske studiar innan helse- og utdanningsfag
- øver på å presentere sitt eige prosjekt
- videreutviklar ferdigheitene sine i kritisk lesing
- øver på å ta del i akademiske ordskifte
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført emne skal kandidatane kunne:
- vise at dei har avansert teoretisk kunnskap om relevante tema i den praxeologiske tradisjonen, og særskilt for tema med relevans for eige prosjekt
- gjere systematisk greie for dei andre gruppemedlemma sine prosjekt
- gjere greie for teoretiske og metodologiske tilnærmingar og tematikkar i deira eige prosjekt
- vurdere kor hensiktsmessige og anvendelige ulike metodar og tilnærmingar er i eige og andre sine forskingsprosjekt
Ferdigheter
Etter fullført emne skal kandidatane kunne:
- forklare og diskutere praxeologisk orienterte teoriar, begrep og metodar som har relevans for deira eige prosjekt
- forstå og diskutere komplekse faglege spørsmål i praxeologisk perspektiv
- ta aktivt del i faglege diskusjonar i forskingsgruppa og å vere i stand til å vurdere både teoretiske og metodologiske spørsmål, samt bidra med eigne argument
- planlegge eit forskingsprosjekt, formulere eit relevant forskings-spørsmål og forstå korleis det kan forskast på, presenterast og diskuterast
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal kandidatane kunne:
- vise at dei har grundig innsikt i det teoretiske rammeverket for praxeologisk forståing av felt som medisin, sjukepleie og utdanning
- vise korleis praxeologisk orienterte samfunnsvitskapelege teoriar, begrep og metodologi er brukt i andre sine studiar
- identifisere relevante etiske problemstillingar i forsking og utøve forskning med akademisk integritet
- gje adekvat og utførlig tilbakemelding på medstudentar sine presentasjonar/prosjekt
- delta i debattar innanfor fagområdet i internasjonale fora
Formelle krav
Krav til forkunnskapar
Masternivå eller tilsvarande
Obligatoriske arbeidskrav
Minst 80% frammøte for å få kurset godkjent.
Presentasjon av eige prosjekt.
Vurderingsform
Muntleg presentasjon av eige prosjekt med førebudt fagfellerespons
Kven kan delta
master- og ph.d.-studentar
Utfyllande informasjon
Utfyllande kursomtale
Undervisningsformer
- forelesningar og gjesteforelesningar
- obligatoriske studentpresentasjonar med tilbakemelding fra rettleiarar, medstudentar og andre medlem i gruppa
- obligatoriske studiar av teoretiske nøkkeltekstar
- seminardiskusjonar
- 5 dagsseminar à 6 timar
- seminarførebuingar; tekststudiar på anslagsvis 6 timar per veke, dvs. 25 timar per månad eller 225 timar per semester
Fagleg ansvar
Karin Anna Petersen