Hjem
Studentsider
PhD-kurs

Praxeologi II

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePRAXVIT902
  • Ressursar

Kursomtale

Kursinnhald

Mål for emnet er at studentene:

¿ tileignar seg djupnekunnskap om praxeologiske teoriar, utvalde begrep og metodologi, og om korleis desse kan brukast i deira eige master-/Ph.D.-prosjekt

¿ utvidar kjennskapen sin til teoretiske/empiriske praxeologiske studiar innan helse- og utdanningsfag

¿ øver på å presentere sitt eige prosjekt

¿ videreutviklar ferdigheitene sine i kritisk lesing

¿ øver på å ta del i akademiske ordskifte

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • vise at dei har avansert teoretisk kunnskap om relevante tema i den praxeologiske tradisjonen, og då særskilt for tema med relevans for eige prosjekt
  • gjere systematisk greie for prosjekta til dei andre gruppemedlemma
  • gjere greie for teoretiske og metodologiske tilnærmingar og tematikkar i deira eige prosjekt
  • vurdere kor hensiktsmessige og anvendelige ulike metodar og tilnærmingar er i eige og andre sine forskingsprosjekt

Ferdigheter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • forklare og diskutere praxeologisk orienterte teoriar, begrep og metodar som har relevans for deira eige prosjekt
  • forstå og diskutere komplekse faglege spørsmål i praxeologisk perspektiv
  • ta aktivt del i faglege diskusjonar i forskingsgruppa og då vere i stand til å vurdere både teoretiske begrep og metodologiske spørsmål, og i tillegg bidra med eigne argument
  • planlegge eit forskningsprosjekt, formulere eit relevant forskings-spørsmål og forstå korleis det kan utforskast, presenterast og diskuterast

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • vise at dei har grundig innsikt i det teoretiske rammeverket for praxeologisk forståing av felt som medisin, sjukepleie og utdanning
  • vise korleis praxeologisk orienterte samfunnsvitskaplege teoriar, begrep og metodologi er brukt i andre sine studiar
  • identifisere relevante etiske problemstillingar i forsking og utøve forskinga si med akademisk integritet
  • gje adekvat og utførleg tilbakemelding på medstudentar sine presentasjonar/prosjekt
  • delta i debattar innanfor fagområdet i internasjonale fora

Formelle krav

Krav til forkunnskapar

Masternivå eller tilsvarande

Obligatoriske arbeidskrav

Minst 80% fremmøte for å få kurset godkjent.

Presentasjon av eget prosjekt.

Vurderingsform

Muntleg presentasjon av eige prosjekt med førebudd fagfellerespons

Kven kan delta

Ph.d.-kandidatar og masterstudentar

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Undervisningsformer

¿ forelesingar og gjesteforelesingar

¿ obligatoriske studentpresentasjonar med tilbakemelding frå veiledarar, medstudentar og andre medlem i gruppa

¿ obligatoriske studiar av teoretiske nøkkeltekstar

¿ seminardiskusjonar

¿ 5 dagsseminar à 6 timar

¿ seminarførebuingar; tekststudiar på anslagsvis 6 timar per veke, dvs. 25 timar per månad eller 225 timar per semester

Fagleg ansvar

Karin Anna Petersen