JAM - Just a Minute. Music, Art and Design Stop Motion Workshop
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PRO217
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk / engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Utfyllande semesteromtale
JAM gir kunststudentane høve til å utvikla ein stop motion-film i direkte samarbeid med komposisjons- og designstudentar. Dette samarbeidet skal forståast som ei beriking i deira eigen kunstpraksis, der spørsmålet melder seg om kva som kjem først: lyden eller biletet? eller kanskje begge samtidig?
Dei tverrfaglege arbeidsgruppene vil finna ut i ein felles arbeidsprosess. JAM gir høvet til å utvida sansane ved å tenka på bilete også musikalsk og lyd også visuelt. Fellesnevneren for studentane er involvering ved å skapa ein kjede av bilete eller notasjonar, som deretter blir opplevd som dramaturgi i avspelinga. Kurset vil gi høve til eksperimentering i videolabben.
Dei individuelle arbeidsgruppene avgjer kva tema/materiale dei vil fokusera på, både musikalsk og kunstnarleg. Verkstaden vil bli introdusert og følgd opp av ei rekkje animerte filmar, undervisning, presentasjonar og individuelle og gruppeveiledningar.
Undervisar: Herbert Wiegand (emneansvarleg), Gustav Kvaal (design), Daniel Biro (komposisjon)
HMS: Videostudio
Mål og innhald
JAM tilbyr høvet til å utvide sansane ved å tenkja på bilete som musikalsk og lyd som noko visuelt, og gir kunststudentar høve til å utvikla ein stop motion-film i direkte samarbeid med studentar frå musikkkomposisjon og design.
Dette samarbeidet skal forståast som ei beriking av eigen kreativ praksis, der spørsmålet melder seg: Kva kjem først - lyden eller biletet, eller begge samstundes? Dette blir avgjort av dei tverrfaglege arbeidsgruppene gjennom ein felles prosess. Det felles for alle deltakarar er tida; å skapa ei kjede av bilete eller notasjonar, som deretter blir opplevd som dramaturgi i avspelinga.
Læringsutbyte
Kunnskap:
- Få innsikt i fagområda
Ferdigheiter:
- Få erfaring med relevante format og prosessar
- Få erfaring med samarbeidsmetodar
Generell kompetanse:
- Omsette eigne idear og arbeidsmetodar til format som blir introdusert i modulen
Fulltid/deltid
Fulltid.
Full time.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Modulen blir følgd av ei rekke visningar, verkstader, presentasjonar og individuelle/gruppebaserte rettleiingar, og gir høvet til eksperimentering i videolaboratoriet. Dei individuelle arbeidsgruppene avgjer kva tema/materiale dei vil fokusera på, både musikalsk og kunstnarleg
Metodar kan inkludera:
- Prosjektutvikling
- Individuell forsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tildelte lesingar
- Skriveøvingar