FORM & Friction

Masteremne

Emnebeskrivelse

Utfyllande semesteromtale

Korleis kan skulptur "perform", og når kan ein performance forståast skulpturelt? Denne modulen vil utforska krysningspunktet mellom desse to disiplinane med vekt på eksperimentering, atelierarbeid og dialog. I løpet av dei to første vekene vil gruppa jobba saman gjennom ei rekkje øvingar som vil utforska, forstyrra og samanfalla skilnadene mellom skulptur og performance. Deretter vil studentane få tid til å utvikla eit større arbeid, med individuelle rettleiingssamtalar. Modulen avsluttast med prosjektpresentasjonar frå kvar student.

Ver merksam på: Modulen inkluderer ikkje HMS-opplæring (helse, miljø og tryggleik). Studentane blir oppmoda til å nytta verkstadane dei alt har tilgang til, eller å melda seg på HMS-sesjonar som blir tilbydde i løpet av semesteret om dei ønskjer å nytta spesifikke verkstader til prosjekta sine.

Emneleiarar:

Nicola Gunn, førsteamanuensis i performance

Chloe Lewis, førsteamanuensis i skulptur

Mål og innhald

Dette er ei prosjektbasert modul med fokus på skjeringspunktet mellom fysisk form og sansing. Gjennom kva måtar materialiserer form seg, og korleis kan den opplevast og formeast?

Studentar utviklar eit individuelt eller gruppeprosjekt i løpet av modulen og blir introdusert for relevante teknikkar og tilnærmingar gjennom førelesningar, lesing, presentasjonar, rettleiing og/eller verkstader.

Læringsutbyte

Kunnskap:

  • Få innsikt i relevante fagområde(r)

Ferdigheiter:

  • Få erfaring med relevante format og prosessar

Generell kompetanse:

  • Omsetje eigne idear og arbeidsmetodar til format som byggjer på innhaldet i modulen.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Full time.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår / Spring.

Undervisningsstad

Campus Møllendal
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Dette emnet har krav til studierett i Masterprogrammet i kunst og tilbys studenter i sitt tredje semester.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell forsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesningar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Pålagt lesing
  • Skriveøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Minst 80% tilstedeværelse er forventet.
Vurderingsformer
Individuel- eller gruppe-innlevering av kunstnerisk projekt.
Karakterskala

Bestått / ikkje bestått.

Pass / fail.

Vurderingssemester
Vår / spring.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet med emner.
Administrativt ansvarleg

Faculty of Fine Art, Music and Design holds the administrative responsibility for the module and studyprogram.