JAM - Just a Minute. Music, Art and Design Stop Motion Workshop

Masteremne

Emnebeskrivelse

Utfyllande semesteromtale

JAM gir kunststudentane høve til å utvikla ein stop motion-film i direkte samarbeid med komposisjons- og designstudentar. Dette direkte samarbeidet skal forståast som ei beriking i deira eigen kreative arbeid, der spørsmålet melder seg om kva som kjem først: lyden eller biletet? eller kanskje begge samtidig?

Dette blir overlatt til dei tverrfaglege arbeidsgruppene, som vil finna ut i ein felles arbeidsprosess. JAM gir høvet til å utvida sansane ved å tenka på bilete også musikalsk og lyd også visuelt.

Fellesskapet for alle deltakarar er involveringa av tid ved å skapa ein kjede av bilete eller notasjonar, som deretter blir opplevd som dramaturgi i avspelinga. Kurset vil gi høve til eksperimentering i Videolabben.

Dei individuelle arbeidsgruppene avgjer kva tema/materiale dei vil fokusera på, både musikalsk og kunstnarleg. Verkstaden vil bli introdusert og følgd opp av ei rekkje animerte filmar, undervisning, presentasjonar og individuelle og gruppeveiledningar.

Lærarar: Herbert Wiegand (emneansvarleg), Gustav Kvaal (Design), Daniel Biro (komposisjon)

HMS: Videostudio

Mål og innhald

JAM tilbyr høvet til å utvide sansane ved å tenkja på bilete musikalsk og lyd visuelt, og gir kunststudentar høve til å utvikla ein stop motion-film i direkte samarbeid med studentar frå musikkkomposisjon og design.

Dette samarbeidet skal forståast som ei beriking av eigen kreativ praksis, der spørsmålet melder seg: Kva kjem først - lyden eller biletet, eller begge samstundes? Dette blir avgjort av dei tverrfaglege arbeidsgruppene gjennom ein felles prosess. Det felles for alle deltakarar er tida; å skapa ei kjede av bilete eller notasjonar, som deretter blir opplevd som dramaturgi i avspelinga.

Læringsutbyte

Kunnskap:

  • Få innsikt i fagområda

Ferdigheiter:

  • Få erfaring med relevante format og prosessar
  • Få erfaring med samarbeidsmetodar

Generell kompetanse:

  • Omsette eigne idear og arbeidsmetodar til format som blir introdusert i modulen

Fulltid/deltid

Fulltid.

Full time.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Vår / Spring.

Undervisningsstad

Campus Møllendal / UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Opptak til masterprogramm i kunst.
Arbeids- og undervisningsformer

Modulen blir følgd av ei rekke visningar, verkstader, presentasjonar og individuelle/gruppebaserte rettleiingar, og gir høvet til eksperimentering i videolaboratoriet. Dei individuelle arbeidsgruppene avgjer kva tema/materiale dei vil fokusera på, både musikalsk og kunstnarleg.

Metodar kan inkludera:

  • Prosjektutvikling
  • Individuell forsking
  • Gruppearbeid
  • Førelesingar
  • Presentasjonar
  • Gruppediskusjonar
  • Rettleiing
  • Tildelte lesingar
  • Skriveøvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Minst 80% tilstedeværelse er forventet.
Vurderingsformer
Individuel- eller gruppe-innlevering av kunstnerisk projekt.
Emneevaluering
The module is evaluated every third year in accordance with UiB's Quality System.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet med emner.
Administrativt ansvarleg
Faculty of Fine Art, Music and Design holds the administrative responsibility for the module and studyprogram.