Masteroppgåve i Programvareutvikling samarbeid med HVL

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Masteroppgåva omhandlar eit ope problem innan programutvikling. Masteroppgåva skal gi studenten solid kompetanse og evner i programutvikling og kunnska om og bruk av vitskapege arbeidsmåtar, og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Gjennom masteroppgåva skal studenten tileigna seg kompetanse innan eit fagområde i programutvikling, og skriva ein monografi over eit utvalt emne eller problem. Oppgåva kan òg skrivast som ei samling separate artiklar eller rapportar, basert på arbeidet i masterutdanningsperioden, med innleiande oversyn. Oppgåva har òg ein praktisk komponent i form av utvikling av (delar av) eit datasystem.

Læringsutbyte

Ein student som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

  • har spesialisert kunnskap om forsking og utvikling i dei spesifikke områda i masteroppgåva
  • har kunnskap om vitskapsmetodar innan programvareutvikling, herunder definisjon av forskingsspørsmål, litteraturstudiar, evalueringsmetodar, forventa resultat og artefaktbygging
  • har kjennskap til viktige prinsipp for forskingsetikk og akademisk ærlegdom

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tydeleg definere og avgrense problemområde
  • kan kopla arbeidet sitt til relevant forskingslitteratur innan programvareutvikling
  • kan planleggja og gjennomføre avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt
  • kan identifisere typar og omfang av resultat som er naudsynt for å sikre at påstandane og konklusjonanane er vitskapleg gyldige

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskap og evner på nye områder og gjennomføre avansert programutviklingsprosjekt
  • kan analysere og reflektere kritisk over produkt eller innsamla data
  • kan arbeide sjølvstendig i eit vitskapleg prosjekt
  • kan bidra til innovasjon innan programvareutvikling
  • kan formidle arbeidet sitt både unnleg og skriftleg

Studiepoeng, omfang

60 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett på Felles masterprogram i Programvareutvikling
Arbeids- og undervisningsformer
Sjølvstendig arbeid i form av ei mastergradsoppgåve som blir gjennomført under rettleiing av fagleg rettleier og blir dokumentert med ei skriftleg avhandling. Rettleier(e) skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Rettleier(e) drøftar utkast med studenten. Dette skal normalt skje ved frammøte, men andre former kan avtalast. Rettleiinga skjer ved behov og skal fordelast mest mogleg jamt utover masterutdanningsperioden.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten pliktar å delta på obligatoriske mastergradsseminar. Meir informasjon om dette blir gitt ved studiestart på masterprogrammet.

Studenten skal levera ei prosjektskildring til rettleier og deretter til programstyret innan ein gitt frist. Prosjektskildringa skal innehalda:

  • tittel,
  • bakgrunn og litteraturliste,
  • forskingsspørsmål,
  • forskings- og arbeidsmetode,
  • evalueringsplan, og
  • forventa resultat

 

Prosjektskildringa vert utarbeidd i fleire iterasjonar

Vurderingsformer
Masteroppgåva skal vurderast i trå med §15 i Utfyllande reglar for gradsstudier ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, UiB.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.