Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Psykologiens historie

Studiepoeng, omfang

5

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologien sitt historiske opphav og utvikling som vitskapleg og anvend disiplin, samt gje ei innføring i sentrale namn, hovudtradisjonar og spørsmål knytt til psykologi som vitskap og profesjonell praksis.

Psykologiens historie

Studenten vil få ei innføring i psykologiens idéhistoriske røter og framveksten av den første eksperimentalpsykologien. Hovudvekta ligg på å gje ei oversikt over psykologiens hovudtradisjonar som praksisdisiplin og vitskap, og utviklinga av desse fram til i dag. Studentane får ei grunnleggjande innføring i forholdet mellom akademisk og anvend psykologi. Vidare skal studentane gjerast kjende med den internasjonale og nasjonale framveksten av psykologprofesjonen.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten:

  • greie ut om den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin
  • kjenne til psykologiens filosofiske røter, psykologifaget sitt opphav og etablering som sjølvstendig vitskapleg disiplin
  • greie ut om psykologiens hovudtradisjonar og framveksten av psykologprofesjonen
  • greie ut om sentrale namn og bidrag i psykologien si historie, og korleis desse blir vurderte i dag
  • greie ut om sentrale spørsmål og debattar i psykologien si historie

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten:

 

  • analysere og reflektere seg kritisk til samtidas psykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk kontekst
  • stille seg kritisk og reflekterande til vitskapane generelt og psykologien spesielt
  • beskrive kjenneteikn ved psykologiens røter i filosofi
  • beskrive og diskutere dei sentrale kjenneteikna ved dei ulike psykologiske (skule-)retningane, samt å beskrive likskapar og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
  • beskrive og diskutere namn og deira bidrag i psykologien si historie
  • beskrive og diskutere sentrale spørsmål og debattar i psykologien si historie

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten:

 

  • analysere psykologifagets historiske forankringar, og slik bidra til nytenking i faget
  • reflektere over sentrale problemstillingar innan psykologien si historie
     
  • reflektere kritisk rundt sentrale namn, tradisjonar og spørsmål i psykologien si historie

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjend seminaroppgåve (omfang: 2 500 ord +/- 10-15 %)

Vurderingsformer

48-timars skriftleg heimeeksamen (essay)

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi.

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    28.04.2021, 12:00
    Innleveringsfrist
    30.04.2021, 12:00
    Trekkfrist
    14.04.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen