Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Profesjonsførebuande I Psykisk helse, behandling og fagetikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i sentrale psykiske lidingar og i arbeidsområde og arbeidsmåtar innan klinisk psykologi. Emnet introduserer etiske problemstillingar og gir ei innføring i gjeldande føresegn som regulerer psykologar si yrkesutøving og verksemd i samfunnet. Prinsipp for profesjonell etikk i klientretta verksemd og i forsking blir gjennomgått og eksemplifisert. Det blir lagt vekt på medvit om fagetiske dilemma knytt til psykologar si yrkesutøving og korleis gjeldande psykologetikk kan brukast til å handtere slike dilemma. Studentane vil få ei innføring i grunnleggande modellar for psykopatologi, sentrale kliniske tilstandsbilete og sentrale modellar for psykologisk behandling. Undervisninga gir eit grunnlag for undervisning om psykiske lidingar innan dei andre psykologiske basaldisiplinane, samt tema innan klinisk nevropsykologi, pedagogisk-psykologisk rådgiving og diagnostikk og psykologisk behandling.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten 

  • kan gjengi og diskutere hovudprinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd
  • kan gjengi og diskutere hovudprinsipp for forskingsetikk i psykologisk forsking
  • kan gjengi og forklare sentrale modellar og perspektiv på psykopatologi, normalitet og avvik
  • kan gjere greie for sentrale kliniske tilstandsbilete
  • kan gjere greie for modellar for psykologisk behandling: kognitiv åtferdsterapi, dynamisk og humanistisk/emosjonsfokusert terapi

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan ta stilling til fagetiske dilemma ut frå prinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd
  • kan samanlikne sentrale modellar for psykopatologi og psykologiske behandlingsmodellar i forhold til kvarandre

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan reflektere over etiske implikasjonar ved klientretta arbeid og psykologisk forsking
  • kan reflektere over bruk av ulike psykologiske modellar og tilpassing av psykologiske modellar til kvar einskild klient eller brukargruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

  • Førelesingar med integrerte øvingar og videodemonstrasjonar
  • Seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i førelesingar og seminar/øvingar.

Utforme eit refleksjonsnotat av omfang 1500 ord (+/- 10%) basert på undervisning om fagetiske dilemma.

Utforme eit refleksjonsnotat av omfang 1500 ord (+/- 10%) basert på undervisning om psykologiske behandlingsmodellar.

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for "godkjend"/"ikkje godkjend".

Obligatoriske undervisningsaktivitetar og arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 3 timar der studentane svarer på 3 av 3 oppgåver

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust/ Vår

Litteraturliste

Videoframvising, tilrådde vevsider

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen-heime

    Dato
    12.03.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    26.02.2021
    Sensur kunngjøres
    29.03.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen