Hjem
Utdanning
Masteremne

Profesjonsforberedelse 3 - Kommunikasjon og profesjonsutøvelse

Studiepoeng, omfang

5

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i kor viktig kommunikasjonsevner og relasjonell kompetanse er i utøvinga av psykologfaget. Tema som blir gjennomgått inkluderer grunnleggande kunnskap om emosjonar og kommunikasjon, verksame relasjonelle faktorar i psykoterapi, krysskulturell kommunikasjon, og effektiv kommunikasjon i samanheng med teamarbeid og ytelse. Kurset skal fremme refleksjon om kva profesjonelt psykologarbeid krev av yrkesmessig og personleg utvikling, samt gjere studentane medvitne om forholdet mellom personlege føresetnader og profesjonell kompetanse.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten kan:

Kan gjere greie for og drøfte kor viktig kommunikasjonsevner og relasjonell kompetanse er i utøvinga av klinisk psykologarbeid

Kan gjere greie for og forklare situasjonar der kunnskap om krysskulturell kommunikasjon er viktig i utøvinga av psykologfaget

Kan gjere greie for sentrale prosessar knytt til effektiv kommunikasjon for å oppnå teamarbeid med tilpassings- og prestasjonsevne

Ferdigheiter

Studenten:

Kan observere og identifisere grunnleggande emosjonelle uttrykk

Kan bruke prinsipp for terapeutisk kommunikasjon som har til formål å etablere kontakt og samarbeid

Kan reflektere over aspekt ved eiga personleg utvikling som er viktig for klinisk psykologarbeid

Kunne observere og identifisere situasjonar der ulikskap i kommunikasjonsstil hindrar psykologfagleg arbeid

Kan reflektere over forhold som fremmar og hemmar ytinga til ei arbeidsgruppe ¿ og korleis eiga åtferd kan bidra til slike prosessar.

Generell kompetanse

Studenten:

Er medviten om og evnar å reflektere over samanhengen mellom personleg fungering og profesjonell yrkesutøving

Er medviten om og evnar å reflektere over samanhengen mellom kulturell kontekst, meiningsdanning og kommunikasjon

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesing, seminar og øvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Innlevering av eit kort lydopptak av kontaktetablering der studenten brukar grunnleggande element i terapeutisk kommunikasjon, som er gjennomgått i undervisninga.
  • Innlevering av eit essay (2500 ord +- 10 %)

Vurderingsformer

Emnet er greidd når alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende

Karakterskala

Greidd / ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Lista vil vere klar innan 01.06 / 01.12 for det komande semesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon