Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Utviklingspsykologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studentane skal tileigne seg eit prosessperspektiv på menneskets utvikling gjennom livsløpet. Dette inneber at studentane skal kunne integrere utviklingspsykologi til ei heilskapleg prosessforståing av utvikling som føregår i og mellom individ gjennom heile livsløpet.

Tema 1: Utviklingspsykologi-teori

  • Teoretiske perspektiv på utvikling gjennom livsløpet
  • Tilknytning, relasjonar gjennom livet og emosjonsregulering
  • Sosial utvikling
  • Moral og empatiutvikling
  • Kognitiv- og språkutvikling
  • Identitetsutvikling, seksuell identitet og positiv ungdomsutvikling
  • Aldring, demografi og populasjonsutvikling

Sjølvbiografi (forpraksis) Studentane skal skrive ein sjølvbiografi som blir lesen av ein ekstern psykolog. Ekstern psykolog gir tilbakemelding.  

Observasjon som metode i profesjonsutøving og forsking (forpraksis) Det blir gitt grunnleggande opplæring i å gjennomføre naturalistiske observasjonar med fokus på bruk av desse metodane både i praktisk profesjonsutøving og forsking.

Tema 2: Emneoppgåve / Artikkeloppgåve Halve kullet skal skrive ei emneoppgåve i utviklingspsykologi i grupper på tre eller fire. Tema vil vere mest mogeleg sjølvvalt innan utviklingspsykologi. Studentane skal skrive teoretiske oppgåver, med mindre anna er avtalt. Hensikta med emneoppgåva er å gi studentane høve til å fordjupe seg i utviklingsprosessar. Innhaldet i emneoppgåva skal reflektere den prosesstenkinga som er eit kjernepunkt i undervisninga. Studentane får skriftlig tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva. I vurderinga vil det bli lagt vekt på bruk av både teori og empiri for å svare på faglege problemstillingar.

Den andre halvparten av kullet skal skrive ei artikkeloppgåve i utviklingspsykologi i grupper på tre eller fire. Studentar som skriv artikkeloppgåve i PROPSY302, skal skrive ei emneoppgåve i PROPSY304, og vice versa. I artikkeloppgåva skal studentane vurdere to eller tre artiklar om eit utviklingspsykologi-tema opp mot kvarandre, og det blir lagt inn krav om både teori og empiri i oppgåva. Hensikta med artikkeloppgåva er at studentar skal få fagleg rettleiing i kritisk lesing av artiklar. Studentane får tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva.

Alle oppgåvene i emnet skal skrivast i APA-stil. I samband med emne- og artikkeloppgåva blir det også gitt ein introduksjon til bibliotekressursar og til søk i elektroniske databasar.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten:

  • bruke avansert kunnskap om teoretiske modellar, forskingsmetodar og empiri innan utviklingspsykologi til å gjere greie for utviklingsprosessar gjennom heile livsløpet
  • analysere, integrere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultat om biologisk grunnlag, emosjonell, sosial og kognitiv utvikling, i ei heilskapleg forståing av utviklingsprosessen frå spedbarnsalder til vaksenalder
  • bruke avansert kunnskap om risiko og beskyttelsesfaktorar til å gjere greie for både normale og avvikande utviklingsprosessar gjennom heile livsløpet
  • bruke teoretisk og empirisk kunnskap frå utviklingspsykologi til å bidra til fagleg nytenking.

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • under rettleiing planlegge, gjennomføre og formidle resultata av eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt om tema innanfor utviklingspsykologi i tråd med gjeldande forskingsetiske retningslinjer
  • analysere og stille seg kritisk til faglege kjelder og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kritisk analysere og formidle relevant forsking og meistre utviklingspsykologfaglege uttrykksformer
  • analysere og stille seg kritisk til samtidas psykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk og vitskapsteoretisk kontekst innanfor utviklingspsykologi
  • analysere og anvende teoretisk og empirisk kunnskap frå utviklingspsykologi på nye område innanfor psykologisk forsking og praksis.

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • reflektere og stille seg kritisk til teoretiske modellar og forskingsmetodar vedrørande endringsprosessar i utviklinga gjennom livsløpet
  • reflektere over ulike faktorar som kan påverke utviklinga gjennom livsløpet
  • reflektere over korleis eigne haldningar og meiningar om utvikling gjennom livsløpet kan få betydning i vurdering og behandling
  • reflektere over kulturelle skilnader i psykologisk utvikling
  • reflektere og anvende relevant forskingslitteratur i teoretisk, empirisk og praktisk samanheng innanfor utviklingspsykologi, og anvende sin informasjons- og forskingskompetanse til personleg fagleg oppdatering
  • kommunisere om, og formidle, utviklingspsykologisk kunnskap både til andre faggrupper, spesialistar og allmenta.

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

  • Forelesingar, seminar, rettleiing og sjølvstudium basert på anbefalt litteratur
  • Sjølvbiografi-øving
  • Observasjonsøving
  • Emneoppgåve eller artikkeloppgåve 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Forelesninger, seminar, veiledning og selvstudium basert på anbefalt litteratur
  • Selvbiografiøvelsen
  • Observasjonsøvelse
  • Emneoppgave eller artikkeloppgave 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Skrive sjølvbiografi med tilbakemelding frå ekstern psykolog (blir formelt godkjent av lærar)
  • Emneoppgåve eller artikkeloppgåve i utviklingspsykologi (presentasjon og innlevering av oppgåva blir godkjent av rettleiar)
  • Observasjonsøving (deltaking på observasjonsøvinga, innlevering av PowerPoint-fil og -presentasjon) (blir godkjent av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juni i Leganto. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykololgiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen-heime

    Dato
    26.11.2021, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    12.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen