Hjem
Utdanning
Masteremne

Biologisk psykologi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePROPSY303
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 sp

Studienivå (studiesyklus)

Profesjonsstudiet.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi kunnskap om biologiske prosessar som påverkar psykologiske funksjonar. Emnet skal formidle teori, empiri og anvendt kunnskap om strukturar og prosessar, spesielt i sentralnervesystemet, som er relatert til åtferd og bevisstheit.

Innhald:

Studiet tar opp tema som gir ei innføring i biologiske føresetnadar og avgrensingar for utvikling av normal åtferd, samt samspelet mellom mentale og somatiske prosessar ved helse og sjukdom. Gjennom førelesingar og øvingar vil studentane bli kjent med hjernen og nervesystemet si utvikling, oppbygging og funksjon. Emnet gir ei innføring i nevrobiologisk og læringspsykologisk grunnlag for åtferd, emosjonar og kognisjon. I tillegg vil faktorar som kan påverke biologi og åtferd, som stress, søvn og smerte, bli vektlagt. Innføring i åtferdsgenetisk teori skal gi forståing for samspelet mellom arv og miljø. Studentane vil få grunnleggjande kunnskap om forskingsmetodar som blir nytta innen biologisk psykologi, både gjennom førelesingar og laboratorieøvingar.

Tema 1: Basal biologisk psykologi: teori og øvingar

  • Laboratorieøvingar i psykofysiologi med kurs i registreringsteknikkar av fysiologisk aktivitet regulert av det autonome nervesystemet
  • Laboratorieøvingar i fysiologisk psykologi, lærings- og åtferdsteori
  • Hjernedisseksjon

Tema 2: Medisinsk helsepsykologi

  • Stress, helse og psykosomatiske lidingar
  • Trauma og posttraumatisk stressliding
  • Sorg og kriser
  • Mestringsperspektiv og behandling

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for

  • Det nevrobiologiske og læringspsykologiske grunnlaget for emosjonar og kognisjon
  • Utvikling og strukturell/funksjonell organisering av nervesystemet
  • Biologiske føresetnadar for normal åtferd og psykopatologi
  • Interaksjon mellom arv og miljø
  • Samspel mellom åtferd, hormona og immunforsvar, samt reproduksjon
  • Korleis faktorar som stress, søvn og smerte verker inn på helseåtferd, psykosomatiske tilstander/lidingar og subjektive helseplagar
  • Kunnskap om subjektive helseplagar
  • Prinsipp for meistring av sorg og livskriser
  • Samanhengen mellom traumatiske opplevingar og utvikling av posttraumatisk stressliding
  • Grunnleggjande metodiske tilnærmingar innan psykofysiologi og nevrovitskap, samt åtferdsforsking på dyr
  • Etiske retningsliner for bruk av dyr i forsking

Ferdigheiter

  • Vise ved bruk av elektroniske hjerneatlas lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar
  • Planlegge og gjennomføre enkle eksperimenter med registrering av psykofysiologiske mål
  • Analysere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultata innanfor biologisk psykologi
  • Integrere og anvende kunnskap frå biologisk psykologi på område innanfor psykologisk forsking og praksis

Generell kompetanse

  • Reflektere over samspelet mellom biologi, miljø og åtferd
  • Reflektere over etiske aspektar ved handtering av forsøkspersonar og dyr i ei laboratoriesituasjon
  • Vise forståing for retningsliner for handtering av anatomiske preparat
  • Kommunisere og bidra til fagleg nytenking om kunnskap frå biologisk psykologi

Krav til forkunnskapar

Bestått/godkjent tidligere emner på profesjonsstudiet.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga består av førelesingar, seminar og rettleiing. Undervisinga i kognitiv nevrovitenskap skjer fortrinnsvis etter undervisinga i biologisk psykologi (PROPSY303), mens metodeundervisinga og emneoppgåva går parallelt gjennom heile semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1:

  • Eit refleksjonsnotat knytet til EEG-lab og demonstrasjon av fMRI (godkjennast av lærar). Gyldighet: 4 påfølgjande semester.

Tema 2:

  • Emneoppgåve eller artikkeloppgåve (godkjennast av rettleiar)
  • Deltaking på akademisk skrivekurs (godkjennast av lærar)

Tema 3:

  • Skriftlig oppgåvedesign- og analyse i grupper på to studentar (godkjennast av lærar)
  • Deltaking på øving i formatering av tabellar/resultatrapportering (godkjennast av lærar)
  • Kursprøve (godkjennast av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurdering "godkjent"/"ikkje godkjent".

Vurderingsformer

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før man kan gå opp til eksamen. Skuleeksamen på 4 timar gjennomførast som essayoppgåve og vurderast med bokstavkarakter. Obligatoriske arbeidskrav må være bestått før man kan gå opp til eksamen.

Karakterskala

På skuleeksamen nyttas karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Janne Grønli.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/Institutt for Biologisk og Medisinsk Psykologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    29.08.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    25.08.2019
    Sensur kunngjøres
    16.09.2019
    Andre opplysninger
    NB! Tidlig oppmeldingsfrist: 24.8.19. Trekkfrist: 25.8.19.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted