Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Biologisk psykologi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePROPSY303
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi kunnskap om biologiske prosessar som påverkar psykologiske funksjonar. Emnet skal formidle teori, empiri og anvend kunnskap om strukturar og prosessar, spesielt i sentralnervesystemet, som er relatert til åtferd og bevisstheit.

Innhald:

Studiet tar opp tema som gir ei innføring i biologiske føresetnadar og avgrensingar for utvikling av normal åtferd, samt samspelet mellom mentale og somatiske prosessar ved helse og sjukdom. Gjennom førelesingar og øvingar vil studentane bli kjent med hjernen og nervesystemet si utvikling, oppbygging og funksjon. Emnet gir ei innføring i nevrobiologisk og læringspsykologisk grunnlag for åtferd, emosjonar og kognisjon. I tillegg vil faktorar som kan påverke biologi og åtferd, som stress, søvn og smerte, bli vektlagt. Innføring i åtferdsgenetisk teori skal gi forståing for samspelet mellom arv og miljø. Studentane vil få grunnleggjande kunnskap om forskingsmetodar som blir nytta innan biologisk psykologi, både gjennom førelesingar og laboratorieøvingar.

Tema 1: Basal biologisk psykologi: teori og øvingar

  • Laboratorieøvingar i psykofysiologi med kurs i registreringsteknikkar av fysiologisk aktivitet regulert av det autonome nervesystemet
  • Laboratorieøvingar i fysiologisk psykologi, lærings- og åtferdsteori
  • Hjernedisseksjon

Tema 2: Medisinsk helsepsykologi

  • Stress, helse og psykosomatiske lidingar
  • Trauma og posttraumatisk stressliding
  • Sorg og kriser
  • Meistringsperspektiv og behandling

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for

  • det nevrobiologiske og læringspsykologiske grunnlaget for emosjonar og kognisjon
  • utvikling og strukturell/funksjonell organisering av nervesystemet
  • biologiske føresetnadar for normal åtferd og psykopatologi
  • interaksjon mellom arv og miljø
  • samspel mellom åtferd, hormon og immunforsvar, samt reproduksjon
  • korleis faktorar som stress, søvn og smerte verkar inn på helseåtferd, psykosomatiske tilstandar/lidingar og subjektive helseplager
  • kunnskap om subjektive helseplager
  • prinsipp for meistring av sorg og livskriser
  • samanhengen mellom traumatiske opplevingar og utvikling av posttraumatisk stressliding
  • grunnleggjande metodiske tilnærmingar innan psykofysiologi og nevrovitskap, samt åtferdsforsking på dyr
  • etiske retningsliner for bruk av dyr i forsking

Ferdigheiter

  • vise ved bruk av elektroniske hjerneatlas lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar
  • planleggje og gjennomføre enkle eksperiment med registrering av psykofysiologiske mål
  • analysere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultat innanfor biologisk psykologi
  • integrere og anvende kunnskap frå biologisk psykologi på område innanfor psykologisk forsking og praksis

Generell kompetanse

  • reflektere over samspelet mellom biologi, miljø og åtferd
  • reflektere over etiske aspekt ved handtering av forsøkspersonar og -dyr i ein laboratoriesituasjon
  • vise forståing for retningsliner for handtering av anatomiske preparat
  • kommunisere og bidra til fagleg nytenking om kunnskap frå biologisk psykologi

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere bestått eller godkjent.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga består av førelesingar, seminar, gruppearbeid og demonstrasjonar/øvingar. Totalt omfang er ca. 100 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking og førebuande undervising, laboratorieøving og refleksjonsnotat i fysiologisk psykologi og lærings- og åtferdsteori.
  • Deltaking i førebuande undervising, laboratorieøving og refleksjonsnotat i psykofysiologi med kurs i registreringsteknikkar av fysiologisk aktivitet regulert av det autonome nervesystemet.
  • Deltaking i førebuande undervising alle dagar i hjernedisseksjon og refleksjonsnotat i hjernedisseksjon.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Skuleeksamen på 4 timar blir gjennomført som essayoppgåve.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP)

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen-heime

    Dato
    24.08.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    10.08.2021
    Sensur kunngjøres
    27.08.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen