Hjem
Utdanning
Masteremne

Kognitiv nevrovitenskap

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePROPSY304
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og engelsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Profesjonsstudiet

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet vil gi ei grundig innføring i samanhengen mellom høvesvis kognitive og emosjonelle prosessar og hjernens funksjon. I forlenginga av emne 3 (biologisk psykologi) får studentane ei økt forståing av hjernen sine strukturar, funksjonar og dei forskjellige funksjonelle nettverka i hjernen. I denne samanhengen blir aktuelle nevrovitskaplege metodar introdusert - eksempelvis elektrofysiologiske registreringar (EEG), strukturell magnetresonans tomografi (MRI), funksjonell magnetresonans tomografi (fMRI) og transkraniell elektrisk hjernestimulering (til dømes transkraniell magnetisk stimulering (TMS)). Studentane blir kjent med disse målingsteknikkane gjennom førelesingar laboratorieøvingar og demonstrasjonar. Ved hjelp av klassiske eksemplar og eksemplar frå aktuell forsking vil studentane lære å identifisere forskjellige nettverk i hjernen. Denne kunnskapen vil også relatere seg til til kliniske problemstillingar der det er naturlig.

Studentane skal gjennomføre forskingsbaserte emneoppgåver kor de skal arbeide sjølvstendig med problemstillingar som tematisk er knytt til anten PROPSY303 eller PROPSY304. Då grunnlaget for emneoppgåver høvesvis er basert på eksperimentell metode med tilhøyrande statistikk, vil det bli gitt eit eige kurs i dette.

Tema 1: Kognitiv nevrovitskap (6 sp)

 

  • Kognitive funksjonar som visuell og auditiv persepsjon, motoriske handlingar, språk, minne, eksekutivfunksjonar og merksemd
  • Nevroanatomisk lokalisering av disse funksjonelle nettverka
  • Hjerneutvikling og nevroplastisitet gjennom livsløpet
  • Årsaka til nevrologiske lidingar etter slag og tilsvarande symptom, som afasi og neglekt
  • Kognitive aspekt ved psykiatriske lidingar som schizofreni og auditive hallusinasjonar
  • Introduksjon til nevrovitskaplege metodar
  • Demonstrasjon av funksjonell magnet resonans tomografi (fMRI)
  • Laboratorieøvingar: Registrering av elektroencefalogram (EEG) og event-related potentials (ERP)

Studentane får tilbakemelding på refleksjonsnotat frå lærar.

Tema 2: Emneoppgåve/Artikkeloppgåve/Akademisk skriving (6 sp)

Halvparten av kullet skal skrive ei emneoppgåve i grupper på tre eller fire om eit tema som er knytt til anten biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap. Rettleiar foreslår moglege tema og om emneoppgåva bør vere teoretisk, empirisk eller eit arbeid som forskingsassistent. Studentane har moglegheit til å kom med eigne forslag og forslaget blir vurdert av emneansvarleg. Hensikta med emneoppgåva er å gi studentane moglegheit til å fordjupe seg i spesifikke tema relatert til PROPSY303 eller PROPSY304. Studentane får tilbakemelding på si ferdige emneoppgåve frå rettleiar.

Den andre halvparten av kullet skal skrive ei artikkeloppgåve i grupper på tre eller fire om eit tema som er relatert til anten biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap . Studentar som skreiv artikkeloppgåve i PROPSY302, skal skrive emneoppgåve i PROPSY304, og vice versa. I artikkeloppgåva skal studentane vurdere 2 eller 3 artiklar om eit tema som kjem frå biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap opp mot kvarandre, og det leggjast inn krav om både teori og empiri i oppgåva. Hensikta med artikkeloppgåva er at studentane skal få fagleg rettleiing i å lese artiklar kritisk. Studentane får ei tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva.

Det vil bli heldt eit eige obligatorisk skrivekurs relatert til arbeidet med oppgåva. Det vil bli gitt opplæring i akademisk skriving, planlegging, organisering og oppbygging av artiklar.

I samband med oppgåva tilbyr biblioteket ei introduksjon til referansehandteringsverktøyet EndNote.

Tema 3: Metode (del 3): Eksperimentell metode og statistikk (3 sp)

Studentane vil få ei innføring i sentrale forskingsdesign/paradigme, og få erfaring med analysar og fortolking av eksperimentelle forskingsdata. ANOVA for faktorielle design og repeterte målingar vil bli vektlagt i undervisinga. Undervisinga leggjast tett opp til kognitiv nevrovitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjere greie for grunnleggjande aspektar ved kognitiv nevrovitskap som dekker forhold mellom struktur og funksjon med omsyn til minne, eksekutivfunksjonar, merksemd, persepsjon, språk, emosjonar og psykopatologi
  • Gjere greie for korleis og kor nemnde funksjonar er lokalisert og korleis dei er lateralisert
  • Gjere greie for korleis ein hjerneskade kan forstyrre disse funksjonane
  • Gjere greie for grunnleggjande nevrovitskaplege modellar for språk hos friske personar, språkvanskar som stamming og dysleksi og nevrologiske baserte språkvanskar, som afasi
  • Gjere greie for grunnleggjande metodiske tilnærmingar innan aktuelle nevrovitskaplege metodar som EEG/ERP, TMS, fMRI
  • Gjere greie for kriterium for eksperiment sine indre og ytre validitet
  • Gjere greie for vanlege statistiske metodar for analysar av eksperimentelle studiar, inkludert bruksområde og underliggjande forventingar
  • Kunne definere og skilje mellom typar av eksperimentelle design og deira analytiske implikasjonar (faktorielle design, repeterte målingar, multivariate analysar)
  • Kunne planleggje, organisere og strukturere ei vitskapeleg artikkel

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Gjennomføre og analysere enkle nevrovitskaplege eksperiment
  • Vise lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar og kva slags funksjonar som er assosiert med disse strukturane ved bruk av elektroniske hjerneatlas
  • Utføre og fortolke analysar av enkle eksperimentelle design ved hjelp av standard programvare
  • Anvende metodane formidla i tema 3 til nye problemstillingar
  • Beskrive og formidle eksperiment, resultat og konklusjonar i den form det forventast i ein vitskapeleg munnleg presentasjon og ein vitskapeleg publikasjon

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • Reflektere over forskingsetiske aspektar med omsyn til handtering av forsøkspersonar, gjennomføring av eksperiment, samt etiske forhold ved publisering av resultat
  • Kunne reflektere over eksperimentelle design sine moglegheiter og avgrensingar og korleis brot på statistiske føresetnadar kan føre til feilslutningar

Krav til forkunnskapar

Bestått/godkjent tidlegare emne på psykologstudiet.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar, laboratorium og rettleiing. Undervisinga i kognitiv nevrovitskap skjer fortrinnsvis etter undervisinga i biologisk psykologi (PROPSY303), mens metodeundervisinga og emneoppgåva går parallelt over heile semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1:

  • Eit refleksjonsnotat knyte til EEG-lab og demonstrasjon av fMRI (godkjennast av lærar). Gyldighet: 4 påfølgjande semester.

Tema 2:

  • Emneoppgåve eller artikkeloppgåve (godkjennast av rettleiar)
  • Deltaking på akademisk skrivekurs (godkjennast av lærar)

Tema 3:

  • Skriftlig oppgåvedesign- og analyse i grupper på to studentar (godkjennast av lærar)
  • Deltaking på øving i formatering av tabellar/resultatrapportering (godkjennast av lærar)
  • Kursprøve (godkjennast av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurdering "godkjent"/"ikkje godkjent".

Vurderingsformer

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før man kan gå opp til eksamen. Skuleeksamen på 4 timar gjennomførast som essayoppgåve og vurderast med bokstavkarakter.

Obligatoriske arbeidskrav må vere bestått før man kan gå opp til eksamen.

Karakterskala

På skuleeksamen nyttast karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@xx-uib.noStudierettleiar@xx-uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    02.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    29.08.2019
    Andre opplysninger
    NB! Tidlig oppmeldingsfrist: 28.8.19. Trekkfrist: 29.8.19.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted