Hjem
Studentsider
Masteremne

Klinisk nevropsykologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å formidle grunnleggjande kunnskap om kliniske nevropsykologiske modellar og metodar, og korleis desse blir brukte i møte med pasientar. Utvalde tema og relevante kasuistikkar vil bli presenterte i ei førelesingsrekkje. Her vil studentane bli presenterte for nevropsykologiske modellar og metodar, og korleis desse blir brukt for å belyse problemstillingar vi møter i klinisk praksis og i forsking. Kurset omfattar også ei kort innføring i åtferdsfarmakologi, der studentane får innblikk i bruk og effekt av medikament som blir brukte ved behandling av nevrologiske og psykiske lidingar. Gjennom praksis vil studentane få erfaring med administrasjon og tolking av ein prøve på intellektuell funksjon, og saman med rettleiar vil dei ta aktiv del i gjennomføring av nevropsykologiske undersøkingar ved Nevropsykologisk poliklinikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • gjere greie for hjerne- og åtferdsrelasjonar
  • gjere greie for ulike metodar som er eigna til å måle funksjonen i hjernen
  • meistre administrasjon og tolking av Wechsler sine intelligenstestar
  • beskrive kva som kjenneteiknar ei nevropsykologisk undersøking, og styrkane og veikskapane ved henne
  • gjere greie for korleis ulike nevrologiske og psykiske tilstandar påverkar nevropsykologisk funksjon
  • gjere greie for forskjellar og likskapar ved undersøking av barn og vaksne
  • gjere greie for korleis nevropsykologiske funksjonar blir utvikla, forandra og svekka gjennom livsløpet
  • gjere greie for metodar som blir brukte ved habilitering og rehabilitering av menneske med nevropsykologiske funksjonsutfall
  • gjere greie for kva kontinuerleg læring har å seie i møtet med pasientar som har skadar eller dysfunksjonar som rammar hjernen
  • gjere greie for kva det har å seie med tilbakemelding av resultat til pasienten sjølv, til hans eller hennar pårørande og hjelpeinstansar som har ansvar for det vidare tilbodet til pasienten
  • gjere greie for grunnleggjande prinsipp når det gjeld legemiddel og effekten deira på sensorisk-motorisk, kognitiv og emosjonell funksjon
  • beskrive bruken og effekten av ulike typar medikament som blir brukte ved nevrologiske og psykiske lidingar
  • gjere greie for oppdatert kunnskap når det gjeld åtferdsendringar som skriv seg frå legemiddel, og argument for justert eller endra behandling
  • gjere greie for betydninga av etnisk og kulturell bakgrunn i eit nevropsykologisk perspektiv
  • gjere greie for bruk av tolk i nevropsykologiske undersøkingar
  • gjere greie for kulturfri utgreiing av kognitive evner

Ferdigheiter:

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • demonstrere ferdigheiter i å administrere testar
  • samle inn bakgrunnsinformasjon før ei nevropsykologisk undersøking
  • førebu og samle inn anamnestisk informasjon
  • finne fram til relevant litteratur og metodar for ei aktuell problemstilling
  • integrere testresultat med anamnestisk informasjon og resultat generert frå andre undersøkingsmetodar
  • vurdere eigna tiltak for å hjelpe pasientar som har gjennomført ei nevropsykologisk undersøking
  • presentere nevropsykologiske resultat og tolkingar av funn ved ei nevropsykologisk undersøking
  • vurdere om og korleis personars etniske eller kulturelle bakgrunn krev tilpassingar av undersøkingar, behandling og rehabilitering.
  • vurdere behov for tolketenester i undersøkingar og behandling.

Generell kompetanse:

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • vise ansvar i møte med pasientar
  • reflektere ærleg om eigne avgrensingar
  • vise ansvar for å skaffe seg kunnskap om sjukdomar, tilstandar og anna som er relevant for ei gitt pasientundersøking
  • be om hjelp frå kollegaer eller andre instansar ved behov
  • kombinere kunnskap av kvantitativ og kvalitativ art i vurderingane sine
  • vise ansvar når det gjeld å utnytte moglegheiter og ta omsyn til avgrensingar i ein poliklinisk undersøkingssituasjon.

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet (PROPSY301-PROPSY304) må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis neste semester.

Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/-notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på STAFF, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis neste semester.

Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på STAFF, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk undervisingsaktivitet:

  • Obligatorisk oppmøte på alle delar av undervisninga, der fråværet blir berekna for kvar del av PROPSY306 (del 1, del 2 og del 3).
  • Levere eit refleksjonsnotat knytt til valfritt tema frå forelesing
  • Halde ei fordjupingsforelesing for medstudentar

I praksisperioden ved vår nevropsykologiske poliklinikk skal studenten:

  • Skrive rapport på pasient som inneheld tilvisingsgrunn, anamnese, resultat frå WISC/WAIS og CPT-3, og vurdering/konklusjon.
  • ta del i og presentere i pasientsak på staff
  • ta aktiv del munnleg i praktikum

Vurderingsmåten for dei obligatoriske arbeidskrava er Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet er greidd når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførte og godkjende.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon