Hjem
Studentsider
Masteremne

Sosialpsykologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er å gi studentane innsikt i psykologifaget si forståing av mennesket i eit sosialpsykologisk perspektiv. Undervisninga har som mål å gjere studentane i stand til å beskrive og analysere menneskeleg åtferd med utgangspunkt i sosialpsykologisk teori. Vi vil gå gjennom følgande breie felt: grupper og gruppeprosessar, diskursperspektiv, og sosial persepsjon. I tillegg vil vi legge vekt på grunnspørsmål i sosialpsykologi og vitskapsteoretiske perspektiv. Målet med undervisninga er å gjere studentane kjende med den sosiale og samfunnsmessige konteksten for menneskeleg åtferd, mellom anna med utgangspunkt i situasjonen for ulike utsette grupper. Emnet bygger på innføringsemna i psykologi (første året) og skal gi studentane djupare innsikt i sosialpsykologi som gjer at dei som psykologar vert kompetente til å forstå og gjere bruk av kunnskap om individet sitt samspel med andre i ulike situasjonar og kontekstar.

Tema 1: Teoretiske perspektiv  (6 sp)

Tema 1 dekker fire sentrale område i sosialpsykologien: Grunnlagsspørsmål, grupper og gruppeprosessar, diskursperspektiv og sosial persepsjon. 

Grunnlagsspørsmål: Dette undertemaet tar opp viktige paradigme og overordna perspektiv i sosialpsykologi, og dette dannar eit bakteppe for resten av emnet.

Grupper og gruppeprosessar: Dette undertemaet handlar om teoretiske perspektiv på grupper og gruppeprosessar, og kva grupper har å seie for identiteten til det einskilde individ.

Diskursperspektiv: Her vil vi ta opp teorigrunnlaget for diskursanalyse og grenseoppgangen til feltet sosiale normer. Temaet dekker òg korleis sosialpsykologar tar i bruk ulike former for diskursanalyse, samt øving i å utføre ein diskursanalyse.

Sosial persepsjon: Her vil vi gå grundig inn på fenomen som stereotypiar, fordommar og diskriminering: årsaker, kjenneteikn, konsekvensar og moglege tiltak for å endre desse.

Tema 2: Emneoppgåve (6 sp) 

Emneoppgåva skal vere innanfor sosialpsykologi. Studentane skal gjennom arbeidet med emneoppgåva utvikle sjølvstende og fagleg vurderingsevne, og dei vil bli invitert til fagleg nytenking. Studentane skriv oppgåva individuelt. Studentane skal sjølve under rettleiing utvikle problemstillinga med grunngjeving og arbeidsplan, og faglærar skal godkjenne desse. Dei får individuell rettleiing i utvikling av problemstilling og arbeidsplan, og dei får felles rettleiing gjennom skriveseminar som vil dekke både studentane sine konkrete tekstdøme, struktur og logikk i emneoppgåver, samt arbeidsprosessar og arbeidsmåtar. Studentane skal skrive emneoppgåva etter format-reglane i APA-manualen og elles etter nærare instruks om talet på ord, m.m. Det samla arbeidet med emneoppgåva svarar til ca. 120 timar.

Emneoppgåva er normalt teoretisk. Vi kan vurdere unntak for empiri som studentane sjølve etablerer i løpet av semesteret, men dette fordrar eiga godkjenning. Emneoppgåva får karakter A - F.

Eit alternativ til emneoppgåve er å arbeide som forskingsassistent knytt til pågåande sosialpsykologisk forsking ved instituttet. Frå dette arbeidet må studentane skrive ein rapport på maksimalt 2 000 ord. Talet på arbeidstimar svarar til det same som å skrive emneoppgåve (ca. 120 timer inklusive å skrive rapport). Forskingsleiaren godkjenner arbeidet som forskingsassistent, og rapporten får karakter A - F.

Tema 3: Surveymetodikk og regresjonsanalysar (2 sp)

Dette temaet handlar om sentrale metodiske tilnærmingar til sosialpsykologiske fenomen, med vekt på ikkje-eksperimentelle design. Temaet gir ein introduksjon til konstruksjon av spørreskjema og til spørreskjema som kommunikativ praksis (kontekstualisering og formulering av spørsmål). Vidare handlar temaet om multivariate analysar av data, med hovudvekt på regresjonsanalysar. Studentane skal få øving i å analysere sosialpsykologiske data, til dømes testing av teoretiske modellar.

Tema 4: Konfliktar og leiing (1 sp) 

Tema 4 tek sikte på å gi studentane god forståing av dynamikken i sosiale konfliktar (opphav, forløp og konsekvensar av ulike handteringar), samt røynsle med konflikthandtering i gruppe- og arbeidslivssamanheng.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap i sosialpsykologi
  • kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske perspektiv med relevans for sosialpsykologi
  • kan analysere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultat i sosialpsykologi
  • har sosialpsykologisk kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten bidrar til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
  • har inngåande kunnskap om ulike formål for surveybaserte forskingsmetodar, mellom ulike surveytypar og mellom ulike utvalstypar og utvalsprosedyrar
  • har inngåande kunnskap om spørreskjema-utforming og spørreskjemabruk som kommunikativ praksis, med vekt på spørsmålsformulering og svarformat
  • har avansert kunnskap om sentrale omgrep, modellar og teori om sosiale konfliktar i arbeidslivet
  • har avansert kunnskap om skilnader i konflikthandtering i rolla som psykolog og rolla som leiar

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig skriftleg arbeid som demonstrerer avansert kunnskap i sosialpsykologi og spesialisert innsikt i eit avgrensa område
  • kan kommunisere nyansert om kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering og anvende kunnskapen om dette i yrkesutøvinga si
  • meistrar APA-stilen som rapporteringsform 
  • kan gjennomføre ein diskursanalyse: velje emne, konkretisere og utføre ein analyse 
  • kan analysere og nytte kunnskap frå sosialpsykologi til å skilje mellom ulike arenaer og roller i samband med konflikthandtering
  • kan analysere og nytte kunnskap frå sosialpsykologi til konstruktiv handtering av sosiale konfliktar i arbeidslivet i rolla som leiar
  • kan sjølvstendig vurdere og grunngi om ei surveyundersøking er nyttig for å svare på eit gitt forskingsspørsmål
  • kan sjølvstendig grunngi, utføre og tolke kvantitative analysar av sosialpsykologiske fenomen, med vekt på multippel lineær regresjonsanalyse
  • kan presentere resultat frå survey-studiar i den forma ein ventar i ein vitskapleg artikkel 

Generell kompetanse

Kandidaten: 

  • kan analysere og stille seg kritisk til samtida sine sosialpsykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk og vitskapsteoretisk kontekst
  • kan analysere og stille seg kritisk til faglege kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i sosialpsykologi
  • kan nytte kunnskap frå sosialpsykologi i fagleg nytenking
  • kan inkludere ei kontekstuell forståing i sin analyse av menneskeleg åtferd
  • kan analysere og anvende kunnskap frå sosialpsykologi på nye område og konkrete situasjonar i psykologisk forsking og praksis
  • kan kommunisere om, og formidle, sosialpsykologiske problemstillingar, analysar og konklusjonar både til andre faggrupper, spesialistar og allmenta

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga pågår i om lag ti veker og er organisert i tematiske sekvensar. Også emneoppgåva blir utarbeidd innanfor denne tidsramma. Undervisninga er ein kombinasjon av oversiktsførelesingar, seminar om dagsaktuelle tema, sjølvstudium, gruppearbeid og deltaking i øvingar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga finn stad over ti veker og vert organisert i tematiske sekvensar. Også emneoppgåva vert utarbeidd innafor denne tidsramma. Undervisningsmetodane er ein kombinasjon av oversiktsførelesingar, forberedte sosialpsykologiske seminar om dagsaktuelle tema, sjølvstudium, refleksjonsnotat, gruppearbeid og deltaking i øvingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1: Teoretiske perspektiv

  • Gjennomføre kursprøve i teoretiske perspektiv (med hjelpemiddel) i tema 1, kursprøva er på 3 timar (vert godkjent av lærar).
  • Ta del i øvinga i diskursanalyse (vert godkjend av lærar).

Tema 2: Emneoppgåve

  • Levere problemstilling og arbeidsplan (vert godkjend av lærar)

Tema 3: Surveymetodikk og regresjonsanalysar

  • Ta del i ei øving og levere resultat frå dataanalysar i grupper (vert godkjend av lærar).
  • Gjennomføre kursprøve i surveymetodikk og regresjonsanalysar, 3 timar (vert godkjend av lærar).

Tema 4: Konfliktar og leiing

  • Ta del i undervisninga (vert godkjend av lærar).

Vurderingsformer

Emneoppgåve

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutiner for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Emneoppgåve

    Innleveringsfrist
    09.12.2021, 12:00
    Trekkfrist
    24.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen