Hjem
Studentsider
Masteremne

Kultur, helse og utvikling

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår / Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på korleis psykologisk kunnskap om sosialisering og individualisering kan nyttast i praksis. Kurset opnar med ei kort innføring i kulturens betydning for psykologi, både med omsyn til psykologiens filosofiske, teoretiske og metodiske grunnlag, og til praksisen og anvendelsen i forståing av samfunnsmessige problem. I tillegg vil dei positive effektane av sjølvregulering bli presenterte, med vekt på positiv ungdomsutvikling og sosiale påverknadsfaktorar. Studentane vil òg få ein gjennomgang av risiko- og beskyttelsesfaktorar knytt til utvikling av sjølvregulering, og lære om korleis kunnskap om slike faktorar kan ha implikasjonar for førebygging og intervenering. Emnet vil òg gi ei kort innføring i longitudinelle forskingsdesignar, inklusive livsløpsforsking. Emnet har fire hovudtema:

Tema 1: Samfunn og kultur Hovudmålet med dette temaet er å introdusere studentane for psykologi frå eit (kryss)kulturelt perspektiv. Studentane vil få ei innføring i kulturomgrepet, kulturens betydning for psykologisk teori og praksis, og dei vil få høyre om korleis slik kunnskap kan nyttast.  

Tema 2: Samfunn, individ og helse - sosial støtte, sjølvregulering og positiv utvikling Selvregulering blir sett i samanheng med tema frå positiv psykologi (til dømes sjølvavgjerd, positiv ungdomsutvikling og utvikling av indre motivasjon) og helsepsykologi (mestring, helsefremmende arbeid). Relevante teoriar og modellar frå krysskulturell psykologi, sosialpsykologi og motivasjonspsykologi blir nytta for å belysa korleis sosiale faktorar på ulike nivå i samfunnet kan påverkast for å støtta utvikling av god helse og positiv utvikling.

Tema 3: Risiko- og beskyttelsesfaktorar Temaet handlar om risiko- og beskyttelsesfaktorar som har betydning for utviklinga av sjølvregulering hos barn og ungdom. Temaet handlar òg om korleis desse faktorane kan ha implikasjonar for førebygging og intervenering av psykopatologiutvikling.

Tema 4: Longitudinelle forskingsdesign og livsløpsforsking Dette temaet gir ei praktisk empirisk innføring i kunnskapsgrunnlaget for longitudinelle studiar av utvikling med vekt på studiar med livsløpsdesign. Kurset tar utgangspunkt i resultat og publikasjonar frå eksisterande longitudinelle studiar både internasjonalt og nasjonalt.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal studenten ha:

  • forståing for menneskeleg åtferd frå eit (kryss)kulturelt perspektiv
  • kunnskap om korleis forståing av psykisk helse og behandling kan variere på tvers av grupper og kulturar
  • kunnskap om kommunikasjon, samhandling og samarbeid, og kunnskap om korleis språk og kultur påverkar dette
  • kunnskap om kva betydning kultur- og språkbakgrunn har for sjukdomsforståing og behandling
  • forståing for ulike perspektiv i sjukdomsførebyggande arbeid
  • forståing for kva som er negativ og positiv utvikling
  • innsikt i teori og forsking innanfor positiv psykologi og helsefremmande arbeid
  • kunnskap om helsekompetanse og om korleis dette påverkar helseåtferda i ulike grupper og meistring av sjukdom
  • avansert kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar knytt til utvikling av psykiske vanskar og lidingar, og korleis desse faktorane opererer gjennom livsløpet
  • kunnskap om ulike kvalitative og kvantitative forskingsmetodar som blir brukt innanfor livsløpsstudiar av psykologisk utvikling, og
  • inngåande kunnskap om særleg viktige psykologiske tema og problemstillingar gjennom livet, frå spedbarn- og småbarnsalder, til barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • nytte kulturell forståing i møte med dei fleirkulturelle utfordringane i samfunnet, herunder i relasjonar til menneske med ulik etnisk bakgrunn
  • gjere greie for korleis kunnskap om positiv psykologi kan brukast i psykologisk praksis i kommunar, organisasjonar og i folkehelsearbeid
  • analysere og kritisk vurdere kunnskap om helsefremmande og førebyggande arbeid og ulike risiko- og beskyttelsesfaktorar for å sjølvstendig anvende relevante metodar og arbeidsformer på ulike intervensjonsnivå som også inkluderer eit overordna samfunnsnivå, og
  • tolke resultat frå studiar med livsløpsdesign.  

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • kommunisere respektfullt med omsyn til integriteten til andre menneske, verdigheit og autonomi i yrkesutøvinga si og tilpasse kommunikasjonen ut frå mellom anna situasjon, alder, kjønn og språkleg og kulturell bakgrunn
  • reflektere over korleis positiv utvikling kan fremmast
  • reflektere over korleis kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar for individuell utvikling av emosjons- og sjølvregulering kan ha implikasjonar for førebyggingsarbeid, og
  • reflektere over at statistiske modellar for utvikling alltid representerer ei forenkling av verkelegheita, men likevel kan gi kunnskap om normative tendensar og individuell variasjon.

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare kurs og emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar med emneansvarlege og representantar frå dei ulike praksisområda, og rettleiing. 

Gruppearbeid om ei case-oppgåve som er basert på undervisning relatert til tema 1, 2, og 3, samt tilrådd og annan relevant litteratur. Gruppearbeidet skal gjennomførast i løpet av 2 veker og i grupper på maksimum 4 studentar.

Gruppearbeidet om case-oppgåva kan erstattast med bidrag i eit større forskningsprosjekt. Det omfattar bidrag til litteratursøk, datainnsamling, dataregistrering, dataanalyse og liknande forskingsoppgåver og krev ein arbeidsinnsats tilsvarande ca. 2 vekers arbeid. Prosjektarbeid må ikkje forvekslast med emneoppgåva eller med forskingsassistentarbeid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, seminarer med emneansvarlige og representanter fra de ulike praksisområdene, og veiledning.

Gruppearbeid om en caseoppgave basert på undervisning relatert til tema 1, 2, og 3, samt anbefalt og annen relevant litteratur. Gruppearbeidet skal gjennomføres i løpet av 2 uker og i grupper på maks. 4 studenter.

Gruppearbeid om caseoppgaven kan erstattes med bidrag til større forskningsprosjekt; prosjektarbeid omfatter bidrag til litteratursøk, datainnsamling, dataregistrering, dataanalyse og lignende forskningsoppgaver og krever en arbeidsinnsats tilsvarende ca. 2 ukers arbeid. Prosjektarbeid skal ikke forveksles med emneoppgaven/forskningsassistentarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1-3:

  • Munnleg framlegging av gruppearbeid i samband med forelesingsrekka for tema 1 og tema 2 (blir godkjent av lærar).  
  • Studentane skal gjennomføre gruppearbeid om eit case og levere skriftleg rapport (4000 ord +/- 15% i APA-stil) eller gjennomføre prosjektarbeid og levere skriftleg rapport (1200 ord +/-15%) (blir godkjent av lærar).
  • Studentane skal gi skriftleg tilbakemelding på kvarandres rapportar og ta del i munnleg framlegging i plenum (blir godkjent av lærar).  

Tema 4:

  • Levere samandrag/review av studium med longitudinelle design (blir godkjente av lærar).  

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før heimeeksamen kan bli sensurert.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 48-timars skriftleg heimeeksamen som er basert på undervisningstema og tilrådd litteratur relatert til tema 1, 2 og 3. Heimeeksamen skal skrivast individuelt og blir levert ut og inn elektronisk.

Under heimeeksamen skal studenten svare på tre av seks oppgåver. Kvar oppgåve skal vere på ca. 1 000 ord og vere skriven i APA-stil. Alle tre oppgåvene må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast.

Karakterskala

Ved sensur av heimeeksamen er karakterskalaen A - F.

Vurderingssemester

Vår / Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    04.10.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    06.10.2021, 09:00
    Trekkfrist
    20.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen