Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologisk kartlegging

Studiepoeng, omfang

6

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust / Vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet fokuserer på klinisk psykologisk kartlegging. Dette omfattar utgreiing, diagnostisering, kasusformulering og journalføring av klientars vanskar og ressursar. Emnet skal gi kunnskap om spesifikke forhold og utfordringar ved kartlegging i ulike aldersgrupper.

Innhald:

Emnet tar opp praktisk bruk av rådande diagnosesystem. Vidare omfattar emnet kartlegging av sentrale psykiske lidingar og problem hos barn, ungdom, vaksne og eldre ved hjelp av anerkjende kartleggingsmetodar og instrument. Det vil òg bli gitt opplæring i korleis ein gir tilbakemelding etter slik kartlegging. Emnet vil vidare gi opplæring i bruk av tilbakemeldingsinstrument for å kunne monitorere betring/forverring og terapeutisk allianse. Emnet gir også ei innføring i journalskriving.

Undervisninga i emnet vil gå parallelt med oppstart av PROPSY314 (Intern klinisk-psykologisk opplæring), der studentane vil få ytterlegare høve til å bruke kartleggings- og tilbakemeldingsinstrument.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • gjere greie for funksjon og innhald i ei kasusformulering og ein behandlingsplan
  • namngje og gjere greie for trinna i ei diagnostisk kartlegging og vurdering
  • reflektere over moglegheiter og avgrensingar ved diagnosesystem og kartleggingsinstrument
  • namngje og greie ut om pasientjournalens ulike føremål, og kjenne til rammer og retningslinjer for dokumentasjon og psykologfagleg arbeid
  • gjere greie for lettare og moderate psykiske lidingar, inkludert suicidalitet og traumereaksjonar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • utføre ei diagnostisk vurdering
  • gjennomføre grunnleggande strukturerte psykologiske utgreiingar med relevante kartleggingsinstrument og gje tilbakemelding tilpassa pasientens alder og psykiske tilstand
  • hente inn systematisk tilbakemelding frå pasienten med omsyn til betring/forverring og terapeutisk allianse
  • nytte avansert kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar knytta til utvikling av psykiske vanskar og lidingar, og korleis dei opererer gjennom livsløpet, til å utforme ei kasusformulering
  • analysere risiko for uønskte hendingar, og bruke relevante metodar for å følgje opp dette systematisk

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • utvise etisk, personleg og kunnskapsbasert refleksjon over eigen praksis og samhandling med klientar i ein kartleggingsprosess

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar med integrerte kliniske øvingar. Emnet har ei ramme på om lag 162 studentarbeidstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Godkjend kursprøve i praktisk diagnosesetting. Blir vurdert av faglærar.

Kursprøva må vere godkjend for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

3 timars heimeeksamen med utgangspunkt i kasus

Karakterskala

Greidd / Ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    24.02.2021, 09:00
    Innleveringsfrist
    24.02.2021, 12:00
    Trekkfrist
    10.02.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen