Hjem
Utdanning
Masteremne

Psykologisk behandling

Studiepoeng, omfang

14

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust/vår

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane opplæring i grunnleggjande prinsipp og rammer for psykologisk behandling. Forståing for eiga rolle og praksis som behandlar vert vektlagt, og studentane får trening i sentrale behandlingsteknikkar for vanlege psykiske lidingar.

Innhald:

Emnet tar opp hovudlinjene i sentrale debattar om behandling og rolla som behandlar (som til dømes krav til forskingsevidens, evidensbasert praksis, verknaden av relasjon og fellesfaktorar i terapi, implementering og brukarmedverknad). Undervisninga vil gje ei oversikt over det teoretiske og empiriske grunnlaget for behandling av psykiske lidingar og problem som ofte førekjem hos barn, unge, vaksne og eldre. Emnet har fokus på sentrale konseptualiserings- og intervensjonsferdigheiter i behandling, og studentane får førelesningar og praktiske øvingar i intervensjonar som kan fremje den terapeutiske relasjonen.

Emnet omfattar følgjande deltema:

Sentrale debattar om psykologisk behandling og utforming av praksis

Relasjon, prosess og allianse i psykoterapi

Behandling av angstlidingar

Behandling av åtferdsvanskar

Behandling av depresjon og tilgrensande lidingar

Behandling av traumerelaterte vanskar

Normalpsykologisk utfordringar og utvalde tilstandsbilete hos barn

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan ..

  • gjengi sentrale diskusjonar om føresetnader for, og følger av, eigen forståing og utøving av rolla som behandlar.
  • drøfte relasjon, prosess og allianse i psykoterapi med utgangspunkt i forskingskunnskap
  • gjengi og drøfte prinsipp for, og teknikkar ved behandling av angstlidingar, åtferdsvanskar, traumerelaterte vanskar og depresjon og tilgrensande lidingar.
  • reflektere over utviklingspsykologiske forhold som har følgjer for tilrettelegging av tiltak

Ferdigheiter:

Studenten kan...

  • bruke kasusformulering og behandlingsplan som rammer for, og reiskapar i, behandling
  • analysere klinisk materiale med tanke på etablering og vidareføring av behandlingsrelasjonen
  • nytte utvalde behandlingsteknikkar

Generell kompetanse:

Studenten skal ..

  • visa etisk, personleg og kunnskapsbasert refleksjon over eigen praksis og samhandling med pasientar
  • vurdere pasientens ressursar og behov i lys av livsløp og livssituasjon

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt som plenumsdiskusjonar, førelesingar med integrerte øvingar samt tilrådd litteratur. Emnet har ei ramme på om lag 378 studentarbeidstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6 timars heimeeksamen med utgangspunkt i kasus

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

tlf 55 58 27 10 studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    14.11.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    14.11.2019, 15:00
    Trekkfrist
    31.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen