Hjem
Utdanning
Masteremne

Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust/vår

Mål og innhald

Emnet fokuserer på vitskapsteoretiske problemstillingar relevante for psykologi som vitskapeleg disiplin og for psykologiens bruksområde, slik som klinisk psykologi. Emnet gjer greie for for sentrale prinsipp og reglar for god yrkesutøving som er nedfelt i fagetiske retningsliner, lover og forskrifter. Emnet inneheld også ferdighetsøvingar.

Valtema gjer moglegheit for fordjuping i relevante område innan klinisk psykologi. Studentane må delta på minst eit av valtema som blir tilbode.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan:

  • Etiske prinsipp for nordiske psykologar
  • Sentrale vitskapsteoretiske modellar i klinisk psykologi som fagdisiplin

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • Utvise bevissthet og refleksjon om fagetiske problemstillingar som kan oppstå i forbindelse med psykologar si yrkesutøving
  • Identifisere og formulere etiske problemstillingar og drøfte korleis disse kan handteras ut frå fagetiske retningsliner
  • Formulere en vitskapteoretisk problemstilling knytt til psykologien som fagdisiplin og psykologiens virkeområder
  • Presentere argumenter for og imot en vitskapsteoretisk posisjon

Generell kompetanse:

Studenten kan:

  • Forstå dei etiske premissene i handlingsval og vurderingar i virke som psykolog
  • Ha eit reflektert forhold til vitskapens rolle og tyding i samfunnet

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar med integrert øvingar. Emnet har ei ramme på omtrent 110 studentarbeidstimar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Kursprøve med utgangspunkt i en etisk problemstilling
  • Essay med utgangspunkt i en vitskapsteoretisk problemstilling
  • Deltaking på undervisinga i minst eit av valtema

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurdering "godkjent"/"ikke godkjent".

Vurderingsformer

Emnet er greidd når alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

tlf 55 58 27 10 studierettleiar.psyfa@uib.no

Eksamensinformasjon