Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet fokuserer på vitskapsteoretiske problemstillingar relevante for psykologi som vitskapleg disiplin og for psykologiens bruksområde, slik som klinisk psykologi. Emnet gjer greie for sentrale prinsipp og reglar for god yrkesutøving som er nedfelt i fagetiske retningsliner, lover og forskrifter. Emnet inneheld også ferdigheitsøvingar.

Valtema opnar for at studentane kan fordjupe seg i relevante område innan klinisk psykologi. Studentane må ta del i minst eitt valtema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om:

  • etiske prinsipp for nordiske psykologar
  • sentrale vitskapsteoretiske modellar i klinisk psykologi som fagdisiplin

Ferdigheiter:

Studenten kan:

  • utvise bevisstheit og refleksjon ved fagetiske problemstillingar som kan oppstå i samband med utøving av psykologyrket
  • identifisere og formulere etiske problemstillingar og drøfte korleis desse kan handterast ut frå fagetiske retningsliner
  • formulere ei vitskapteoretisk problemstilling knytt til psykologien som fagdisiplin og psykologiens verkeområde
  • presentere argument for og mot ein vitskapsteoretisk posisjon

Generell kompetanse:

Studenten:

  • forstår dei etiske premissa for handlingsval og vurderingar i psykologyrket
  • har eit reflektert forhold til vitskapens rolle og tyding i samfunnet

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd.
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar med integrerte øvingar. Emnet har ei ramme på rundt 110 studentarbeidstimar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Kursprøve med utgangspunkt i ei etisk problemstilling
  • Essay med utgangspunkt i ei vitskapsteoretisk problemstilling
  • Deltaking i undervisninga i minst eitt valtema
  • Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.

    Vurderingsformer
    Emnet er greidd når alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende.
    Karakterskala
    Greidd / Ikkje greidd
    Vurderingssemester
    Haust / Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
    Emneansvarleg
    Institutt for klinisk psykologi
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet