Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilder

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

9

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet skal gi teoretisk og praktisk innføring i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete, om indikasjonar for ulike behandlingstilnærmingar, og om tidsperspektiv for endring og vekst.

Innhald

Emnet skal gi kunnskap om psykologisk behandling ved personlegdomsforstyrringar, psykotiske tilstandar, rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk, alvorleg/kronisk somatisk sjukdom, samt tiltak knytte til sjølvmordsførebygging. Forhold av betydning for arbeidet med klientar i ulike aldersgrupper (barn/unge, vaksne og eldre) skal vektleggast. Emnet bygger primært på PROPSY311, PROPSY312 og PROPSY314.

Tema 1: Behandling av personlegdomsforstyrringar
Kurset gir ei innføring i terapimodellar og behandlingstilnærmingar retta mot ulike personlegdomsforstyrringar med særleg vekt på to sentrale modellar. Det vil bli fokus på å vise korleis ein gjennom terapi kan arbeide med problematiske mønster i tenking, affektuttrykk og interpersonleg fungering som kjenneteiknar og påverkar viktige funksjonsområde hos personar med personlegdomsforstyrringar.

Tema 2: Behandling av psykosar
Kurset gir ei innføring i psykologisk behandling ved psykosar. Ein gjennomgang av sentrale og dokumentert verksame arbeidsformer i behandling av personar med psykoseliding står sentralt. Kurset gir høve til praktisk utprøving av sentrale ferdigheiter i terapeutisk arbeid med psykotiske personar.

Tema 3: Behandling av rusmiddel- og annan avhengnadsproblematikk
I kurset blir det lagt vekt på ei teoretisk innføring i metodar som kan avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling hos rusmiddelmisbrukarar. Kurset inneheld øvingar knytte til sentrale aspekt ved endringsarbeid på tvers av typar og omfang av avhengnadsproblem: Arbeid med ambivalens, endringssnakk (sjølvmotiverande ytringar) og beslutning i ei klientsentrert tilnærming. I kurset vil ein gjennomgå ei tilnærming til behandling av avhengnadsåtferd (Kognitiv AtferdsTerapi; KAT) som er sentral i mange modellar for behandling av avhengnadsåtferd, både ved kjemisk og ikkje-kjemisk avhengnad.

Tema 4: Sjølvmord og sjølvmordsførebyggande tiltak: Kurset gir ei innføring i vurdering av og tiltak for personar som står i fare for å ta livet sitt. Det vil bli lagt vekt på vurdering av sjølvmordsrisiko og forståing av faresignal med utgangspunkt i den kliniske samtalen. Problemstillingar ved handtering og behandling av sjølvmordsrisiko, medrekna rammer for tiltak som gjeld denne typen kriser, vil også bli trekte fram.

Tema 5: Klinisk helsepsykologi
Undervisninga gir ei innføring i kliniske helsepsykologiske tilnærmingar og i bruken av psykologisk kompetanse overfor pasientar med somatisk sjukdom, gjennom direkte klinisk arbeid, undervisning, kompetansespreiing eller haldningsskapande arbeid. Kurset inneheld øvingar i nokre sentrale ferdigheiter innanfor klinisk helsepsykologi.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne kan studenten ...

  • gjengi og reflektere over sentrale psykologiske behandlingsprinsipp for komplekse psykiske tilstandsbilete
  • forklare og drøfte dei sentrale elementa i ein behandlingsplan for personlegdomsforstyrring
  • forklare og drøfte sentrale behandlingsprinsipp for personlegdomsforstyrringar i ulike terapimodellar
  • forklare og grunngi sentrale element ved førstegongsbehandling, vedlikehaldsbehandling og behandling av tilbakefall ved psykoselidingar
  • forklare og drøfte sentrale prinsipp i behandling av ulike former for avhengnadsåtferd
  • gjere greie for og drøfte sentrale element i vurdering av sjølvmordsrisiko og sjølvmordsforebygging i ulike livsfasar og ved ulike tilstandsbilete
  • gjere greie for og reflektere rundt psykologiske og sosiale aspekt og sentrale oppgåver i helse-psykologisk arbeid ved somatisk sjukdom

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten ...

  • gjengi og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar ved komplekse psykiske tilstandsbilete
  • kjenne til og anvende sentrale dokumenterte verksame intervensjonar og metodar i behandling av personlegdomsforstyrringar
  • identifisere og prioritere intervensjonsfokus og grunngi behov for innlegging ved mistanke om psykoseliding
  • bruke sentrale intervensjonar til å avklare ambivalens og fremme motivasjon for psykologisk behandling for avhengnadsåtferd
  • anvende sentrale vurderingsinstrument og sjekklister til støtte ved vurdering av sjølvmordsfare
  • anvende basisferdigheiter ved motiverande intervju i arbeid med meistring av psykiske vanskar som er relaterte til somatisk sjukdom

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan studenten ...

  • reflektere over etiske aspekt ved arbeid med personar med komplekse psykiske tilstandsbilete
  • reflektere over etiske implikasjonar ved arbeid etter dei respektive intervensjonane og metodane i behandling av komplekse psykiske tilstandsbilete
  • vise bevisstheit og refleksjon om ressursar og om særskilde tilretteleggingsbehov hos personar med komplekse psykiske tilstandsbilete
  • vise bevisstheit og refleksjon om betydinga av brukarmedverknad og om dilemma tilknytt bruk av tvang i helsevesenet

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere gjennomført og greidd.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

    Forelesingar, seminar, øvingar og sjølvstudium

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Forelesninger
  • Seminar
  • Øvelser
  • Selvstudium

Totalt antall timer 31,5 per uke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i forelesingar og øvingar om tema 1-5.

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

6-timars skuleeksamen i tema 1-5.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere normalt vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen-heime (Ny eksamen)

    Dato
    12.08.2021, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Sensur kunngjøres
    31.08.2021
    Andre opplysninger
    Kun for studenter med gyldig fravær våren 2021.
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skuleeksamen-heime

    Dato
    17.12.2021, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    03.12.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen