Hjem
Studentsider
Masteremne

Intern klinisk-psykologisk opplæring

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

18

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår / Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet skal gI ei praktisk innføring i psykologisk utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos klientar. Emnet går over 8., 9. og 10. semester.

Innhald

Studentane får gjennom dette emnet ei innføring i utøvinga av rolla som klinisk psykolog og i praktisk bruk av forskingsbasert kunnskap knytt til klientars behov. Etisk refleksjon knytt til psykologrolla og respektfull kommunikasjon med klientar blir sterkt vektlagt. Emnet er knytt til undervisninga i PROPSY311, PROPSY312 og PROPSY313.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • begrepSsette og analysere klientars behov for psykologisk behandling
  • reflektere over bruk av forskingsbasert kunnskap i psykologisk utgreiing og behandling
  • planlegge og utføre intervensjonar for behandling og førebygging tilpassa den enkelte klients vanskar, ressursar, livsfase og sosiokulturell kontekst
  • analysere etiske dilemma i psykologisk behandling

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • greie ut om klientars vanskar og ressursar og utarbeide ei kasusformulering med tanke på behandlingsplan
  • behandle lettare psykiske lidingar under kompetent rettleiing
  • anvende forskingsbasert klinisk-psykologisk kunnskap for å forstå klientars problem og sikre best mogeleg behandlingsutbytte
  • vurdere hjelpetiltak ved risiko for sjølvmord, sjølvskade og psykose
  • føre journal og dokumentere behandlinga i tråd med god fagetikk og gjeldande lover og forskrifter
  • bruke systematisk tilbakemelding frå klientar for å optimalisere behandlingsutbytte og førebygge forverring
  • bruke digitale plattformer for å gi behandling 

 

Generell kompetanse

Studenten ...

  • har etisk og kunnskapsbasert refleksivitet over rolla og forpliktingane som er knytt til arbeidet som psykolog
  • utviser sjølvstende i klinisk-psykologisk arbeid
  • utviser evne til å gjere hensiktsmessige val i den klinisk-psykologiske arbeidssituasjonen
  • utviser forståing for klinisk problematikk
  • kan fremme klientens kommunikasjon, ha styring i terapisituasjonen, fange opp viktig utvikling i terapien, forstå når klientens utsegner er relevante for problemet, og styrke klientens meistring og kompetanse
  • kan gi ein fagleg presentasjon av klientarbeidet sitt
  • utviser tryggleik i rolla som terapeut, framstår komfortabel i terapisituasjonen, kan eksponere seg sjølv, søke tilbakemelding og forholde seg konstruktivt til tilbakemeldingar, kan utvise omsorg for klienten og overhalde rollegrenser

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne på profesjonsstudiet må vere greidde.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane har praksisplass ved Psykologisk universitetspoliklinikk, Institutt for klinisk psykologi, ved ein av klinikkens tre behandlingsseksjonar (Seksjon for vaksne og eldre, Seksjon for unge og vaksne, eller Seksjon for barn og ungdom).

I 8. semester skal studentane ta del i eit pre praktikum-seminar, medan dei i 9. og 10. semester skal utføre direkte klinisk pasientarbeid.

Både seminaret og pasientbehandlinga følgjer prinsippa om problembasert læring.

I pre praktikum-seminaret arbeider studentane i plenum og i grupper av ulik størrelse med tema knytt til rolleforståing og ferdigheiter som klinisk psykolog.

I 9. og 10. semester utfører studentane klinisk utgreiing og behandling under rettleiing av spesialist i klinisk psykologi. Rettleiinga skjer i grupper på fire studentar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studentane har praksisplass på ein av instituttets tre poliklinikkar: Psykologisk poliklinikk for barn og ungdom, Psykologisk poliklinikk for unge og vaksne, eller Psykologisk poliklinikk for vaksne og eldre.

Undervisninga består av:

  • Rettleiing i grupper på opptil fire studentar
  • Klinisk pasientarbeid
  • Problembasert læring

Det er 6-10 timar undervisning per veke i 54 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføring av pre praktikum-seminaret blir godkjent på bakgrunn av oppmøte og aktiv deltaking. 

I tillegg skal studentane skrive kasusformulering og behandlingsplan. Denne vert godkjend av rettleiar.

Pre praktikum-seminaret inneheld mellom anna:

  • Rammevilkår (mellom anna tenestesystem, lovverk og forskrifter, kvalitetssikringssystem, evidenserklæring, etiske retningslinjer og rolleforståing).
  • Rettleiing og rettleiingsgruppe (rettleiingskontrakt, rettleiingsmodellar, gruppa som læringsarena, utvikling av terapeutferdigheiter og klinisk refleksjon).
  • Terapeutferdigheiter (konseptualisering, intervensjon, relasjon og allianse, pasientadministrasjon, internt og eksternt samarbeid.
  • Opplæring i elektronisk journalsystem.
  • Opplæring i opptak av lyd og bilete.
  • Digital klinikk

I 9. og 10 semester skal studentane ha gjennomført behandling av minst to pasientar og hatt minst 30 timar rettleia psykologisk behandling i løpet av praksisperioden før denne kan godkjennast. I tillegg skal studentane ha gjennomført følgande praksisrelaterte oppgåver (mappevurdering):

  • Presentasjon av terapeutisk utfordring
  • Staff-presentasjon

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Mappevurdering. I denne inngår følgjande element:

  • Rettleiar sin dokumentasjon av studentens erfaringsområde og arbeidsoppgåver
  • Rettleiar si vurdering av studentens psykologfaglege kompetanse i møtet med pasientar
  • Rettleiar si vurdering av studentens fungering i forhold til alminnelege plikter i poliklinikken

Mappa blir vurdert som Bestått / Ikkje bestått. Vurderinga vert gjennomført over tre semester. Godkjenning av internpraksis etter avbrot eller forseinkingar i gjennomføringa kan vurderast ved søknad. Alle elementa i mappa må vere godkjende for at mappa skal vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Videoframvising, tilrådde vevsider. Sjå eiga litteraturliste for pre praktikum.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon