Hjem
Studentsider
Masteremne

Ekstern fordypningspraksis

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePROPSY316
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk ved praksis i Norge, engelsk ved praksis i utlandet.

  • Ressursar

Main content

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust / Vår

Mål og innhald

Ekstern fordjupingspraksis skal gi studentane erfaring som praktiserande psykolog under systematisk rettleiing, refleksjon og oppfølging, og derigjennom førebu studentane på oppgåver ein vil stå ovanfor som yrkesaktiv psykolog. Gjennom praksisperioden skal studentane utvikle evna til å analysere psykologiske problem og problemstillingar.I tillegg skal studentane få auka kompetanse og erfaring knytt til konsultasjon, kartlegging, rådgiving og vurdering av diagnostiske, behandlingsmessige og fagetiske spørsmål. Studentane skal utvikle forståing for profesjonell yrkesutøving, både for enkeltpersonar, organisasjonar og for andre yrkesgrupper. Studentane sitt arbeid vil bli rettleia av psykolog som er tilsett ved praksisinstitusjonen og vere i samsvar med eigne retningslinjer for ekstern fordjupingspraksis. Studentane kan velje fordjupingsområde innan: skule- og opplæringspsykologi, samfunnspsykologi, klinisk psykologi og klinisk nevropsykologi. Praksisutplassering skjer i regi av fakultetet/institutt og inneber i hovudsak utplassering både i sekundær- og primærhelsetenesta i Bergen og samarbeidande fagmiljø i Helse Stavanger, Helse Førde og Helse Fonna (Haugesund). Studentane kan søke eksternpraksis ved institusjonar i Noreg eller utlandet etter vurdering og avtale i regi av fakultetet/instituttet.

Ekstern fordjupingspraksis (30 sp) blir gjennomført over 19 veker med fem dagars arbeidsveke.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført praksis kan kandidaten:

  • analysere og beskrive arbeidsoppgåver og praktisk rolleutøving som er karakteristisk for psykologar på det aktuelle fordjupingsområdet
  • analysere forholdet mellom forskingsbasert psykologisk kunnskap, spesifikke situasjonar, utøving av skjønn og konkret beslutningstaking innan det relevante praksisfeltet

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • anvende psykologisk kunnskap og arbeidsmetodikk på problem og saksområde for psykologarbeid innan fordjupingsområdet

Generell kompetanse

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • vise adekvat respekt for personar, grupper og system som psykologarbeid er omfatta av
  • reflektere over korleis psykologisk kunnskap kan ha implikasjonar for praksis
  • analysere profesjonell og fagetisk yrkesutøving innan fordjupingsområdet
  • reflektere over korleis evaluering av eigen praksis er ein integrert del av den profesjonelle verksemda som psykolog
  • reflektere over det å diskutere, forhalde seg til og forstå individet i ein større arbeidssamanheng
  • kommunisere om faglege problemstillingar og tiltak innanfor fagområdet med andre helseaktørar

Krav til forkunnskapar

Studenten skal ha gjennomført og bestått alle tidlegare kurs og emne som inngår i profesjonsstudiet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Sjølve praksisarbeidet, samt rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Gjennomføring av ekstern fordjupingspraksis, inklusive rapportar i samband med ekstern fordjupingspraksis:

Ved avslutninga av praksisperioden leverer både rettleiar og student skriftlege evalueringar av praksis til fakultetet. Rettleiar skal i tillegg vurdere studentens praksisarbeid i tråd med vedtatte skriftlege retningslinjer, og denne vurderinga vil gi grunnlag for godkjenning av ekstern fordjupingspraksis. 

  • Deltaking på praksisseminar om tverrprofesjonell samarbeidslæring (TVEPS)

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet er greidd når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførde og godkjende.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for klinisk psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av emnet.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet har det adminstrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon