Hjem
Studentsider
Masteremne

Hovudoppgåve psykologprogrammet

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePROPSY317
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Formålet med hovudoppgåva er at studentane skal kunne dokumentere at dei forstår sentrale forskingsprinsipp. Oppgåva kan vere teoretisk eller empirisk. Studentane må vise evne til systematisk, reflektert og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Forholdet mellom problemstillingar, metode, generering av data og rapportering må formidlast reflektert og kritisk. Studenten må kunne gi ei informativ, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Studentane sine hovudoppgåver kan inngå som studentaktiv forsking i forskingsgruppene. Hovudoppgåva skal skrivast med utgangspunkt i ei prosjektbeskriving som er utvikla i samarbeid med og er godkjend av rettleiar.

Eit informasjonsmøte vil bli arrangert i første halvdel av 10. semester (3. siste semester). Der blir det mellom anna gitt informasjon om mogelege hovudoppgåveprosjekt. Studentane skal innan utgangen av 10. semester knytte seg til ein rettleiar og/eller ei forskingsgruppe (studentaktiv forsking), og inngå ei rettleiingskontrakt med ein rettleiar innanfor det aktuelle temaet. Rettleiingskontrakten skal leverast inn innan utgangen av 10. semester.

Hovudoppgåva skal skrivast individuelt eller i grupper på maksimalt 3 studentar. Oppgåva kan vere på 40-60 sider, ut frå utfyllande rettleiing. Oppgåva kan også leverast i artikkelformat, ut frå utfyllande rettleiing.

Hovudoppgåva i artikkelform skal leverast som publiseringsklart manuskript. Rettleiar kan ikkje stå som medforfattar. Oppgåver, artiklar eller andre skriftlege arbeid som studenten har skrive og publisert tidlegare (for eksempel gjennom studentstipend/sommarstipend), kan ikkje leverast som hovudoppgåve. Dersom hovudoppgåva blir skriven som ein artikkel, skal den følge forfattarrettleiinga i det tidsskriftet artikkelen er tenkt for. Ein må velje eit tidsskrift på nivå 1 eller 2, som er godkjent som vitskapleg (sjå https://dbh.nsd.uib.no/publiseringskanaler/Forside). Ei kort samanfatting av journalens retningslinjer, særleg dersom desse avvik frå APA-standarden, samt lenke til journalens heimeside, skal leggast ved.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten

  • inngåande kunnskap i, og kan bruke, psykologiske omgrep, metodar og teoriar innan hovudoppgåvas tematiske område på ein fagleg relevant måte
  • inngåande kunnskap om forskingsetikk, og kan følge fagetiske retningslinjer i arbeidet med hovudoppgåva

Ferdigheiter

Ved fullført emne kan studenten

  • formulere klare problemstillingar og grunngi at desse er interessante og relevante for psykologi som fag og for temaet for hovudoppgåva
  • analysere forholdet mellom tema, problemstilling og forskingsdesign
  • velje adekvat forskingsstrategi/forskingsdesign gitt problemstillingar og kontekstuelle forhold som tid og økonomi
  • bruke eigna metodar for identifisering av aktuell litteratur, deriblant søk i relevante litteraturdatabasar
  • forstå metodiske mogelegheiter og begrensingar ved ulike typar undersøkingar 
  • demonstrere kunnskapsmessig breidde og fordjupning innanfor området for oppgåva
  • gjere greie for relevante etiske vurderingar og formelle prosedyrer for løyve og formelle ansvarsforhold
  • demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapleg arbeid etter APA-standarden, korrekt kildebruk og korrekt presentasjon av referansar

Generell kompetanse:

Ved fullført emne kan studenten

  • reflektere over etiske forhold knytt til bruk av data, kjelder og sitering
  • reflektere over forfattarskap og medforfattarskap til vitskaplege arbeid
  • sette seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analysar av aktuelle samfunnsspørsmål
  • drøfte grunnleggande etiske problemstillingar som ein møter på i praktisk forskingsverksemd

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Skriving av hovedoppgave med tilbakemelding fra veileder.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Hovudoppgåva blir vurdert av ein komité med formell vitskapleg kompetanse, og som har ein intern og ein ekstern sensor.  

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust / Vår

Frist for innlevering er 15. desember i hautsemesteret og 15. mai i vårsemesteret.

Litteraturliste

Det er individuelle litteraturlister for kvar hovudoppgåve.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Det psykologiske fakultet

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon