Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Metode II - Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Tema 1: Kvalitativ metode og djubdeintervju

Kurset gir ein introduksjon til det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitativ forskingsmetode. Det tek særleg utgangspunkt i eit hermeneutisk-fenomenologisk perspektiv, men vil også gi oversikt over andre sentrale tilnærmingar. Kurset gir vidare praktisk øving i gjennomføring av kvalitative forskingsintervju. Denne innføringsøvinga bygger på eit klinisk perspektiv og kan kun erstattast av kurs som tek utgangspunkt i tilsvarande rammeverk. Kurset gir også ei oversikt over ulike måtar å evaluere kvalitativ forsking på, og korleis kunnskap frå slike studiar kan anvendast i psykologisk praksis.

Tema 2: Kvantitativ metode

Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar. Gjennom praktiske øvingar vil studentane få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein kan evaluere og anvende kunnskap frå kvantitativ forskning i psykologisk praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten kan: 

  • gjere greie for ulike kvalitative og kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi 
  • gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitative og kvantitative forskingsmetodar 
  • gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
  • kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
  • sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvantitative og kvalitative analysar
  • forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytte til gjennomføring av kvalitativ og kvantitativ forsking 
  • gjere greie for hermeneutisk-fenomenologisk forskingsmetode, mogelegheiter og avgrensingar ved djubdeintervju, samt drøfte sentrale kvalitetskriterium for kvalitativ forsking 
  • gjere greie for betydinga av refleksivitet i innsamling og analyse av kvalitativt datamateriale med særleg vekt på forholdet mellom intervjuperson og intervjuar 
  • beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse 
  • identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
  • kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale 
  • kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing (spredning) og samanheng 
  • Kjenne til prinsipp for statistiske slutningar

Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvalitativ eller kvantitativ forsking 
  • vurdere kvalitet på kvalitative og kvantitative undersøkingar
  • utforme ein intervjuguide, gjennomføre eit kvalitativt forskingsintervju, samt kode og analysere transkribert intervjumateriale 
  • rapportere metodisk framgangsmåte, presentere kvalitative forskingsfunn og drøfte funna refleksivt innanfor format av skriftlege forskingsarbeid
  • skape kontakt og innhente informasjon om andres erfaringar gjennom intervju 
  • legge til rette og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare 
  • framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare 
  • tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper 
  • kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og avgrensingar ved kvalitativ og kvantitativ forsking
  • reflektere over intervjusituasjonens etiske og mellommenneskelege dynamikk

Krav til forkunnskapar

PSYK113 - Innføring i metode

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar, seminar og gruppeøvingar

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, seminarer og gruppeøvelser

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1: Kvalitativ metode og dybdeintervju

  • Gjennomført intervjuøving og evalueringsøving (godkjenning av lærar)
  • Skriftleg innlevering (godkjenning av lærar)

Tema 2: Kvantitativ metode

  • Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar)
  • Fullførte oppgåver knytte til forelesingstema (godkjenning av lærar)
  • Kursprøve på kvantitative data-analysar på relevant kunnskapsområde (godkjenning av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet blir vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon