Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Profesjonsførebuande I Psykisk helse, behandling og fagetikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i kjenneteikn ved god psykisk helse og sentrale psykiske lidingar, og i arbeidsområde og arbeidsmåtar innan klinisk psykologi. Emnet introduserer etiske problemstillingar og gir ei innføring i gjeldande forskrifter som regulerer psykologar si yrkesutøving og verksemd i samfunnet.

Prinsippa for profesjonell etikk i klientretta verksemd og forsking blir gjennomgått og eksemplifisert. Det blir lagt vekt på bevisstheit om fagetiske dilemma knytte til psykologars yrkesutøving og korleis gjeldande psykologetikk kan brukast til å handtere slike dilemma. Studentane vil også få ei innføring i grunnleggande modellar for psykopatologi og betring, sentrale kliniske tilstandsbilete og sentrale modellar for psykologisk behandling.

Undervisninga gir grunnlag for undervisning om psykisk helse og uhelse innan dei andre psykologiske basaldisiplinane, samt tema innanfor klinisk nevropsykologi, pedagogisk-psykologisk rådgiving, og diagnostikk og psykologisk behandling.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne kan studenten ...

  • gjengi og diskutere profesjonsetikk i klientretta verksemd
  • gjengi og diskutere forskingsetikk i psykologisk forsking, herunder lovgiving, regelverk, prinsipp og rutinar for forsvarleg forsking og formidling
  • gjengi og forklare sentrale modellar og perspektiv på psykisk helse og psykopatologi, normalitet og avvik
  • gjere greie for sentrale kliniske tilstandsbilete ¿ både lettare, moderate og alvorlege psykiske lidingar, inkludert samsjukelegdom (komorbiditet), traumereaksjonar, suicidalitet, rus og avhengnad
  • gjere greie for ulike evidensbaserte behandlingsteoriar og modellar for å forstå psykiske lidingar og for psykologisk behandling: kognitiv åtferdsterapi, dynamisk og humanistisk/emosjonsfokusert terapi
  • gjere greie for fellesfaktorar, spesifikke faktorar og personfaktorar i psykoterapeutisk endringsarbeid

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten ...

  • ta stilling til fagetiske dilemma ut frå prinsipp for profesjonsetikk i klientretta verksemd og forsking
  • drøfte sentrale modellar for psykisk helse, psykopatologi og psykologisk behandling i forhold til kvarandre

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten ...

  • reflektere over etiske implikasjonar ved klientretta arbeid og psykologisk forsking
  • reflektere over bruk av ulike psykologiske modellar og tilpassing av psykologiske modellar til kvar einskild person eller brukargruppe

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

  • Førelesingar med integrerte øvingar og videodemonstrasjonar
  • Seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

3-timars skuleeksamen

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    22.11.2021, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    08.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen