Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Profesjonsforberedelse 2 - Helse, samfunn og psykologrolle

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi studentane kunnskap om relevante praksisområde psykologen kan ha i dagens samfunn. Det blir lagt vekt på at studentane skal forstå betydninga av kontekstuelle og samfunnsmessige faktorar for psykisk helse og livskvalitet, og korleis tiltak på systemnivå kan førebygge sjukdom og fremme helse. Emnet skal også gi studentane kunnskap om helsepsykologiske tema som er knytte til psykologiske aspekt ved kroniske og livskortande lidingar, samt funksjonsnedsetting og funksjonshemming. Emnet skal gi kunnskap om psykologens rolle i dagens samfunn og om framtidas behov i eit samfunn som er i endring. Studentane vil få oversikt over ulike samfunnspsykologiske arbeidsmetodar gjennom eksempel frå ulike arenaer i primærhelsetenesta.

Det vil bli halde eit eige APA-skrivekurs. Det vil også bli gitt opplæring i akademisk skrivestil, og studentane skal lære seg dei mest sentrale kjenneteikna ved ein skriftleg vitskapleg rapport innan dei ulike psykologiske disiplinane.

 

Innhald

Emnet inneheld tema som:

  • psykologarbeid i kommunane og primærhelsetenesta
  • psykologifagets teoriar og modellar for førebyggande arbeid
  • dagens utforming av psykologrolla i kommunane og primærhelsetenesta
  • helsepsykologi
  • kroniske livskortande lidingar, samtalar om livets slutt, og palliasjon

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha ...

  • oversikt over kva samfunnspsykologi er og kva som kjenneteiknar samfunnspsykologiske tenkemåtar og arbeidsfelt, inklusive førebygging og klinisk helsepsykologi
  • kjennskap til viktige omgrep og teoriar for å forstå menneskeleg helse og åtferd i kontekst og ut frå eit samfunnsperspektiv
  • kjennskap til lågterskel-intervensjonar innan psykisk helse på individ-, gruppe- og systemnivå
  • brei kunnskap om etiske, epidemiologiske og helseøkonomiske grunngivingar for både universelle,selektive og indikerte helsefremmande og førebyggande tiltak
  • kjennskap til betydninga av samfunnsmessige faktorar for helse og livskvalitet
  • kjennskap til psykologars plikter og rettar, og sentrale lover og forskrifter i samfunnspsykologisk kontekst
  • brei kunnskap om menneskerettane i helsefremmande arbeid, inkludert kunnskap om å motverke marginalisering og å fremme medborgarskap og integrering gjennom utdanning, arbeid og på andre arenaer
  • kunnskap om dei mest sentrale psykologiske aspekta ved funksjonshemming, funksjonsnedsettingar og syndrom
  • kunnskap om høgprevalente akutte og kroniske somatiske sjukdomar og palliasjon til pasientar med livskortande sjukdom
  • kjennskap til hovudtrekka i utforminga av ein vitskapleg artikkel i psykologi

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten ...

  • beskrive og drøfte psykologars plikter og rettar i ein samfunnspsykologisk kontekst
  • bruke fagrelevante omgrep og teoriar for å drøfte korleis samfunnsmessige faktorar påverkar psykisk og somatisk helse
  • beskrive grunnprinsippa for psykososiale intervensjonar i kriser
  • bruke APA-stilen i akademisk skriving

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten ha ...

  • god forståing for psykologars roller i ulike kontekstar
  • kunnskap om viktige samfunnsfaktorar som påverkar helse og trivsel, og kan formidle dette både skriftleg og munnleg
  • kompetanse til å bidra til at brukarar og borgarar medverkar i utviklinga av likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
  • kunnskap om grunnleggande prinsipp ved utforming av akademisk tekst

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

  • Førelesingar
  • Seminar med organiserte diskusjonar som skal vere til støtte for fullføring av essay. Seminara vil mellom anna bestå av team-diskusjonar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Essay med utgangspunkt i arbeid i seminar eller eigenstudium

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

24-timars heimeeksamen basert på undervisningstema og anbefalt litteratur. Heimeeksamen skal skrivast individuelt. Heimeeksamen blir levert ut og inn elektronisk.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hjemmeeksamen

    Oppgave utleveres
    06.12.2021, 12:00
    Innleveringsfrist
    07.12.2021, 12:00
    Trekkfrist
    22.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen