Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Profesjonsforberedelse 3 - Kommunikasjon og relasjonskompetanse

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePRPSYK301C
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i kor viktig kommunikasjonsevner og relasjonell kompetanse er i utøvinga avpsykologfaget, inkludert kunnskap om kommunikasjon, samhandling og samarbeid og måten språk ogkultur påverkar dette. Tema som blir gjennomgått inkluderer grunnleggande kunnskap om emosjonar ogkommunikasjon, verksame relasjonelle faktorar i psykoterapi, krysskulturell kommunikasjon, og effektivkommunikasjon i samanheng med teamarbeid og yting. Kurset skal fremme refleksjon om kva profesjoneltpsykologarbeid krev av yrkesmessig og personleg utvikling, samt gjere studentane medvitne om forholdetmellom personlege føresetnader og profesjonell kompetanse

Læringsutbyte

Kunnskap

Studenten:

  • kan gjere greie for og drøfte kor viktig kommunikasjonsevner og relasjonell kompetanse er i utøvinga avklinisk psykologarbeid
  • har kunnskap om måten forståing av psykisk helse og behandling kan variere på tvers av grupper ogkulturar
  • kan gjere greie for og forklare situasjonar der kunnskap om krysskulturell kommunikasjon er viktig iutøvinga av psykologfaget, inkludert situasjonen for samane som urfolk i Noreg
  • kan gjere greie for sentrale prosessar knytt til effektiv kommunikasjon for å oppnå teamarbeid medtilpassings- og prestasjonsevne
  • har kunnskap om ulike kommunikasjonskrav knytt til ulike roller i psykologfagleg arbeid, til dømes somterapeut versus kollega

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • kan observere og identifisere grunnleggande emosjonelle uttrykk
  • kan bruke prinsipp for terapeutisk kommunikasjon som har til formål å etablere kontakt og samarbeid
  • kan reflektere over aspekt ved eiga personleg utvikling som er viktig for klinisk psykologarbeid
  • kan observere og identifisere situasjonar der ulikskap i kommunikasjonsstil hindrar psykologfagleg arbeid
  • kan reflektere over kulturelle og språklege aspekt som kan påverke kommunikasjon og psykologfaglegarbeid, inkludert mangfaldet og variasjonen internt i ulike subkulturar og betydinga diskriminering og minoritetstilhøyrsle kan ha for forventningar og forståing av psykiske lidingar og behandling
  • kan balansere mellom aktiv undersøking av andre sitt perspektiv og tydeleggjering av eige perspektivsom basis for god kommunikasjon

Generell kompetanse

Studenten:

  • er medviten om og evnar å reflektere over samanhengen mellom personleg fungering og profesjonellyrkesutøving
  • er medviten om og evnar å reflektere over samanhengen mellom kulturell kontekst, meiningsdanning ogkommunikasjon

Krav til forkunnskapar

Har gjennomført og godkjent PRPSYK301A og gjennomført PRPSYK301B.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

  • Forelesingar med integrerte øvingar
  • Seminargrupper
  • Totalt 31 timar førelesingar og seminarundervisning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Innlevering av eit kort lydopptak av kontaktetablering der studenten brukar grunnleggande element i terapeutisk kommunikasjon som er gjennomgått i undervisninga.
  • Innlevering av eit essay (2500 ord +/- 10%).

Vurderingsformer

Emnet er greidd når alle obligatoriske arbeidskrav er godkjende.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Greidd /Ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juni.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet