Kognitiv nevrovitenskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil gi ei grundig innføring i samanhengen mellom høvesvis kognitive og emosjonelle prosessar og hjernens funksjon. I forlenginga av emne 3 (biologisk psykologi) får studentane auka forståing av hjernen sine strukturar, funksjonar og dei forskjellige funksjonelle nettverka i hjernen. I denne samanhengen blir aktuelle nevrovitskaplege metodar introdusert - eksempelvis elektrofysiologiske registreringar (EEG), strukturell magnetresonans-tomografi (MRI), funksjonell magnetresonans-tomografi (fMRI), nær-infrarød spektroskopi (fNIRS) og transkraniell elektrisk hjernestimulering (for eksempel transkraniell magnetisk stimulering (TMS)). Studentane blir kjende med desse målingsteknikkane gjennom førelesingar laboratorieøvingar og demonstrasjonar. Ved hjelp av klassiske eksempel og eksempel frå aktuell forsking, vil studentane lære å identifisere ulike nettverk i hjernen. Denne kunnskapen vil også relatere seg til kliniske problemstillingar, der det er naturleg.

Studentane skal gjennomføre forskingsbaserte emneoppgåver, der dei skal arbeide sjølvstendig med problemstillingar som tematisk er knytt til anten PRPSY303 eller PRPSY304. Då grunnlaget for emneoppgåver høvesvis er basert på eksperimentell metode med tilhøyrande statistikk, vil det bli gitt eit eige kurs i dette.

Tema 1: Kognitiv nevrovitskap (6 sp)

  • Kognitive funksjonar som visuell og auditiv persepsjon, motoriske handlingar, språk, minne, eksekutivfunksjonar og merksemd
  • Nevroanatomisk lokalisering av desse funksjonelle nettverka
  • Hjerneutvikling og nevroplastisitet gjennom livsløpet
  • Årsaka til nevrologiske lidingar etter slag og tilsvarande symptom, som afasi og neglekt
  • Kognitive aspekt ved psykiatriske og nevrodegenerative lidingar
  • Introduksjon til nevrovitskaplege metodar
  • Demonstrasjon av funksjonell magnetresonans-tomografi (fMRI) funksjonell nær-infrarød spektroskopieller en tilsvarande metode.
  • Laboratorieøvingar: Registrering av elektroencefalogram (EEG) og event-related potentials (ERP)

Studentane får tilbakemelding på refleksjonsnotat frå lærar.

Tema 2: Emneoppgåve/Artikkeloppgåve/Akademisk skriving (6 sp)

Halvparten av kullet skal skrive ei emneoppgåve i grupper på tre eller fire om eit tema som er knytt til anten biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap. Rettleiar foreslår moglege tema og om emneoppgåva bør vere teoretisk, empirisk eller eit arbeid som forskingsassistent. Studentane kan kome med eigne forslag, og desse blir vurdert av emneansvarleg. Hensikta med emneoppgåva er å gi studentane moglegheit til å fordjupe seg i spesifikke tema relatert til PRPSY303 eller PRPSY304. Studentane får tilbakemelding på si ferdige emneoppgåve frå rettleiar.

Den andre halvparten av kullet skal skrive ei artikkeloppgåve i grupper på tre eller fire om eit tema som er relatert til anten biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap . Studentar som skreiv artikkeloppgåve i PRPSY302, skal skrive emneoppgåve i PRPSY304, og vice versa. I artikkeloppgåva skal studentane vurdere to eller tre artiklar om eit tema som kjem frå biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap opp mot kvarandre, og det leggjast inn krav om både teori og empiri i oppgåva. Hensikta med artikkeloppgåva er at studentane skal få fagleg rettleiing i å lese artiklar kritisk. Studentane får tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva.

Det vil bli halde eit eige obligatorisk skrivekurs relatert til arbeidet med oppgåva. Det vil bli gitt opplæring i akademisk skriving, planlegging, organisering og oppbygging av artiklar.

I samband med oppgåva tilbyr biblioteket ein introduksjon til referansehandteringsverktøyet EndNote.

Tema 3: Metode (del 3): Eksperimentell metode og statistikk (3 sp)

Studentane vil få ei innføring i sentrale forskingsdesign/paradigme, og dei få erfaring med analysar og tolking av eksperimentelle forskingsdata. ANOVA for faktorielle design og repeterte målingar vil bli vektlagde i undervisinga. Undervisninga blir lagd tett opp til kognitiv nevrovitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • gjere greie for grunnleggjande aspekt ved kognitiv nevrovitskap som dekkjer forhold mellom struktur og funksjon med omsyn til minne, eksekutivfunksjonar, merksemd, persepsjon, språk, emosjonar og psykopatologi
  • gjere greie for korleis og kor nemnde funksjonar er lokalisert og korleis dei er lateralisert
  • gjere greie for korleis ein hjerneskade kan forstyrre desse funksjonane
  • gjere greie for grunnleggjande nevrovitskaplege modellar for språk hos friske personar, språkvanskar som stamming og dysleksi, og nevrologisk baserte språkvanskar, som afasi
  • gjere greie for grunnleggjande metodiske tilnærmingar innan aktuelle nevrovitskaplege metodar som til dømes EEG/ERP, TMS, fMRI eller fNIRS.
  • gjere greie for kriterium for eksperiments indre og ytre validitet
  • gjere greie for vanlege statistiske metodar for analysar av eksperimentelle studiar, inkludert bruksområde og underliggjande forventningar
  • kunne definere og skilje mellom typar av eksperimentelle design og deira analytiske implikasjonar (faktorielle design, repeterte målingar, multivariate analysar)
  • kunne planleggje, organisere og strukturere ein vitskapleg artikkel

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • gjennomføre og analysere enkle nevrovitskaplege eksperiment
  • vise lokaliseringa av sentrale hjernestrukturar og kva slags funksjonar som er assosiert med desse strukturane ved bruk av elektroniske hjerneatlas
  • utføre og tolke analysar av enkle eksperimentelle design ved hjelp av standard programvare
  • anvende metodane formidla i tema 3 i nye problemstillingar
  • beskrive og formidle eksperiment, resultat og konklusjonar i den forma det blir venta i ein vitskapleg munnleg presentasjon og ein vitskapleg publikasjon

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • reflektere over forskingsetiske aspekt med omsyn til handtering av forsøkspersonar, gjennomføring av eksperiment, samt etiske forhold ved publisering av resultat
  • kunne reflektere over eksperimentelle designs moglegheiter og avgrensingar, og korleis brot på statistiske føresetnader kan føre til feilslutningar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Alle tidlegare emne på profesjonsstudiet må vere godkjent eller bestått.
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar, laboratorium og rettleiing. Undervisinga i kognitiv nevrovitskap skjer fortrinnsvis etter undervisinga i biologisk psykologi (PROPSY303), mens metodeundervisinga og emneoppgåva går parallelt over heile semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1:

  • Eit refleksjonsnotat knytt til EEG-lab og demonstrasjon av fMRI, fNIRS eller andre metodar (blir godkjent av lærar). Gyldigheit: 4 påfølgjande semester.

Tema 2:

  • Emneoppgåve eller artikkeloppgåve (blir godkjent av rettleiar)
  • Deltaking på akademisk skrivekurs (blir godkjent av lærar)

Tema 3:

  • Skriftlig oppgåvedesign og -analyse i grupper på to studentar (blir godkjent av lærar)
  • Deltaking på øving i formatering av tabellar/resultatrapportering (blir godkjent av lærar)
  • Kursprøve (blir godkjent av lærar)

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før man kan gå opp til eksamen.

Skuleeksamen på 4 timar blir gjennomført som essayoppgåve og vurdert med bokstavkarakter.

Karakterskala
A - F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP)
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet