Hjem
Studentsider
Masteremne

Kognitiv psykologi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK305
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Det sentrale målet for kurset er å få studentane til å verdsette og forstå korleis kognitiv psykologi kan hjelpe oss til å forklare eigen og andres åtferd og erfaring, både i våre private og profesjonelle liv.

Tema 1: Basalkomponentar i kognisjon, og anvendelse av det kognitive perspektivet på høgare mentale prosessar (9 sp)

Første del av kurset fokuserer på grunnleggande kognitive mekanismar. Sentrale spørsmål vil vere korleis visuell kognisjon løyser problemet med å oppfatte den ytre verda, korleis og kvifor vi kan konstruere mentale forestillingar, kva merksemd er, og korleis den kontrollerer liva våre, korleis og kvifor vi hugsar og gløymer, og i kva grad kognitiv psykologi og nevrovitskap kan gi oss ei vitskapleg forklaring på bevisstheit. Vi diskuterer forholdet mellom normal funksjon, svekka funksjon og uvanleg evnerik funksjon.

Andre del av kurset fokuserer på komplekse mentale prosessar som resonnering, beslutningstaking, problemløysing og kreativitet, og korleis ulike emosjonelle tilstandar påverkar desse kognitive prosessane - hos folk flest, men også ekspertar, som for eksempel kliniske psykologar, politi, og anna helsepersonell. Vidare vil det kunne bli gitt eksempel på korleis ekspertar vurderer og handterer risiko, samt korleis ein samlar informasjon om ulike faktorar (risiko- og beskyttelsesfaktorar) som blir lagt til grunn i vurderingar og beslutningar.

Tema 2: Emneoppgåve med design, evaluering og analyse av kognitiv forsking (6 sp)

Formålet er å praktisere forskingsmetodikk innan feltet kognitiv psykologi ved at studentane gjennomfører eit empirisk eller teoretisk arbeid. Målet er også å presentere nyare studium i kognitiv psykologi og å gi studentane auka kompetanse i vitskapleg forfattarskap innan kognitive emne.

Studentane kan få høve til å arbeide som forskingsassistent i staden for å skrive emneoppgåve. Forskingsassistentarbeidet blir definert av rettleiar. Ved avslutta forskingsassistentarbeid skal studenten utarbeide eit skriftleg notat om arbeidet. Notatet skal også innehalde ei kort beskriving av prosjekt, metode og eventuelle resultat.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne har studenten avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap om:

  • Grunnleggande kognitive funksjonar beskrivne innanfor eit informasjonsbearbeidingsperspektiv (sjå vidare under Ferdigheiter).
  • Ulike kvantitative forskingsmetodar som blir brukt innanfor kognitiv psykologi.

Ferdigheiter:

Ved fullført emne kan studenten:

  • analysere og stille seg kritisk til sentrale eksperimentelle funn og grunnleggande prosessar frå kjerneområde innan kognisjon, som for eksempel: Persepsjon, merksemd, hukommelse, bevisstheit, resonnering, og i kva grad menneskets tenking kan seiast å vere rasjonell, bedømmelse og beslutningstaking, inklusive fordelar og ulemper ved bruk av kognitive snarvegar (heuristisk prosessering), problemløysing, kreativitet, risikovurdering og risikohandtering, og korleis ulike emosjonelle tilstandar påverkar kognitive prosessar
  • anvende kunnskap om kognitiv fungering for å forstå kognitiv svikt i visse kliniske populasjonar samt anvende kunnskap om kognitiv psykologi i høve til kliniske vurderingar og beslutningsprosessar
  • analysere og stille seg kritisk til samtidas teoriar og empiri innanfor kognitiv psykologi, og plassere desse i ein historisk kontekst, i tillegg til å kunne bruke kognitiv psykologi til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • under rettleiing skrive ei oppgåve som følger APA-stil om eit gitt tema i kognitiv psykologi; dette inkluderer planlegging, gjennomføring og formidling av resultat av eit avgrensa forskingsprosjekt, anten empirisk, teoretisk eller litteraturstudium.

 Generell kompetanse:

Etter fullført emne kan studenten:

  • reflektere over betydninga av empirisk støtte for teoretiske påstandar innanfor ulike kognitive område
  • gjennom å reflektere over korleis det kognitive perspektivet bidrar til forståing av menneskets åtferd og erfaringar, kan kandidaten bidra til fagleg nytenking
  • reflektere over korleis kognitiv psykologi kan gi auka forståing for korleis både folk flest og ekspertar vurderer, tar beslutningar og handlar 
  • anvende relevant teoretisk og empirisk forskingslitteratur i praksis og bruke  forskingskompetansen sin til personleg fagleg oppdatering
  • analysere og formidle relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer innanfor kognitiv psykologi
  • kommunisere og formidle kognitiv kunnskap, både til andre faggrupper og spesialistar. 

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Tema 1:

Undervisningsmetodane legg vekt på blanda og aktiv læring. Mykje av undervisningsmateriellet vil vere webbasert, inkludert webbaserte forelesingar, lenker til anna materiell, guida lesing, og webbaserte aktivitetar. Nokre av desse vil vere obligatoriske. Undervisninga vil inkludere demonstrasjon av viktige eksperimentelle paradigme og kognitive testar. Klasseromsaktivitetane vil vektlegge praktiske workshops, diskusjonar og anna gruppearbeid.

Tema 2: 

Studentane kan velje tema for emneoppgåva som er relatert til pågåande forskingsprosjekt hos dei aktuelle rettleiarane. Studentar kan foreslå andre tema innan kognitiv psykologi, men dette vil avhenge av aktuelle rettleiarar og godkjenning frå emneansvarleg. Empiriske prosjekt kan omfatte datainnsamling i psykologiske testlaboratorium. Oppgåva skal vere på mellom 5 000 og 6 000 ord, anten empirisk eller teoretisk, om eit aktuelt tema innanfor kognitiv psykologi. Semesteroppgåva skal skrivast etter APA-standard og leverast inn elektronisk. Studentane skriv i grupper på tre til fire personar. Dei får ei skrifteg tilbakemelding på emneoppgåva si frå rettleiar. Arbeid som forskingsassistent skal innebere ca. 120 timars arbeid, inklusiv notatskriving. Forskingsassistentnotatet skal vere på maksimum 2 000 ord.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Tema 1: Undervisningen består av forelesninger integrert med videoframvisning, demonstrasjoner av viktige eksperimentelle paradigmer, studentaktiviteter og kritisk diskusjon av forskningsartikler. For å legge til rette for mer tid til praktiske demonstrasjoner, aktiviteter og diskusjon i undervisningsrom, vil elektroniske ressurser tilbys blant online forelesninger og obligatoriske online aktiviteter. Kurset vil gi studentene innsikt i kognitive tester på områder som for eksempel beslutningsstil / kognitiv stil, individuelle ulikheter i mentale forestillinger og ansikt gjenkjenning osv.

Tema 2: Studentene kan velge tema for emneoppgaven som er relatert til pågående forskningsprosjekter hos de aktuelle veilederne. Studenter kan foreslå andre temaer innen kognitiv psykologi, men dette vil avhenge av aktuelle veiledere og godkjenning fra emneansvarlig. Empiriske prosjekter kan omfatte datainnsamling i psykologiske testlaboratorier. Oppgaven skal være på maksimum 6000 ord, enten empirisk eller teoretisk, på et aktuelt tema innenfor kognitiv psykologi. Semesteroppgaven skal skrives etter APA- standard og leveres elektronisk. Studentene skriver i grupper på tre til fire personer. De mottar en skriftlig tilbakemelding fra veileder på sin emneoppgave. Arbeid som forskningsassistent skal innebære ca. 120 timers arbeid, inklusiv notatskriving. Forskningsassistentnotatet skal være på maksimum 2000 ord.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Eit obligatorisk orienteringsmøte for heile emnet, inklusivt første del av tema 1, eit obligatorisk orienteringsmøte til andre del av tema 1, og eit obligatorisk orienteringsmøte for emneoppgåva (tema 2).
  • To essay med utgangspunkt i undervisningstema, tilrådd litteratur, diskusjon av eksperimentdesign og fortolking.
  • Essay skal skrivast individuelt, og studenten kan bruke alle hjelpemiddel. Essayet bør ikkje overstige 1 100 ord, og skal skrivast online og leverast på MittUiB innanfor eit gitt tidsrom. Essay blir godkjent av emneansvarleg eller forelesar. For essay som viser fagleg engasjement i forhold til pensum og studieplan, men som ikkje oppnår ønskt standard, vil det bli gitt ny tidsfrist for å levere eit revidert arbeid.
  • Korte fleirvalsprøver: Fleire online forelesingar i forkant av ei kort fleirvalsprøve. Studentane må ta del i og bestå maksimalt 8 mindre fleirvalsprøver (5-15 spørsmål) for å få aktiviteten godkjend. Dei har fleire forsøk på å ta kvar prøve. Kvar fleirvalsprøve må gjennomførast innan ei viss tid.
  • Ei lengre fleirvalsprøve i klasserom utan hjelpemiddel. Prøva vil teste kunnskapar frå store delar av kurset, blant annet spørsmål frå dei korte fleirvalsprøvene. Heile prøva vil anten finne stad i éi økt eller bli delt tematisk og gjennomført på to prøvedatoar.
  • Deltaking i minst tre online-aktivitetar på MittUiB. Eksempel på dette kan vere: skriving av essay og tilbakemelding på andres essay, deltaking i diskusjonsforum og refleksjonsnotat, eller utarbeiding av ein kort videosnutt som oppsummerer relevant teori og forsking i kognitiv psykologi. Meir detaljert informasjon vil bli gitt på orienteringsmøtet.
  • Ta aktiv del i ein workshop der temaet er forsking om bevisstheit. I forkant av denne skal studentane fordjupe seg i oppgitt litteratur og førebu ein diskusjon som skal foregå i mindre grupper.
  • Under rettleiing utvikle eit semistrukturert intervju basert på kognitiv teori og empiri, og intervjue ein person som i kraft av sin profesjon/stilling må gjere viktige og kritiske vurderingar, beslutningar og kompleks problemløysing. Utviklinga av det semistrukturerte intervjuet, samt intervjuet, vil foregå i små grupper.
  • Emneoppgåve i kognitiv psykologi. (Blir godkjent av emneansvarlag i samråd med rettleiar.)
  • Deltaking på emneoppgåvekonferanse, der emneoppgåvene blir presentert og diskutert.
  • Fullføre anonymt emneevalueringsskjema.

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet er bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærar.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår / Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet