Klinisk nevropsykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med kurset er å formidle grunnleggjande kunnskap om kliniske nevropsykologiske modellar og metodar, og korleis desse blir brukte i møte med pasientar. Utvalde tema og relevante kasuistikkar vil bli presenterte i ei førelesingsrekkje. Her vil studentane bli presenterte for nevropsykologiske arbeidsmetodar og korleis desse blir brukt for å belyse problemstillingar vi møter i klinisk praksis. Kurset omfattar også ei kort innføring i åtferdsfarmakologi, der studentane får innblikk i bruk og effekt av medikament som blir brukte ved behandling av nevrologiske og psykiske lidingar. Gjennom praksis vil studentane få erfaring med administrasjon og tolking av ein prøve på intellektuell funksjon, og saman med rettleiar vil dei ta aktiv del i gjennomføring av nevropsykologiske undersøkingar ved Nevropsykologisk poliklinikk.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • gjere greie for hjerne- og åtferdsrelasjonar
  • meistre administrasjon av Wechsler sine intelligenstestar
  • beskrive kva som kjenneteiknar ei nevropsykologisk undersøking, og styrkane og veikskapane ved den
  • gjere greie for korleis ulike nevrologiske og psykiske tilstandar påverkar nevropsykologisk funksjon i et livsløpsperspektiv
  • gjere greie for metodar som blir brukte ved rehabilitering av menneske med nevropsykologiske funksjonsutfall
  • gjere greie for kva det har å seie med tilbakemelding av resultat til pasienten sjølv, til hans eller hennar pårørande som har ansvar for det vidare tilbodet til pasienten
  • beskrive bruken og effekten av ulike typar medikament som blir brukte ved nevrologiske og psykiske lidingar
  • gjere greie for betydninga av etnisk og kulturell bakgrunn i eit nevropsykologisk perspektiv
  • gjere greie for bruk av tolk i nevropsykologiske undersøkingar

Ferdigheiter:

Ved fullført emne kan kandidaten demonstrera ferdigheiter i å:

  • administrere og skåre en generell evneprøve/intelligenstest (Wechsler test)
  • samle inn bakgrunnsinformasjon (anamnestisk informasjon) før ei nevropsykologisk undersøking
  • finne fram til relevant litteratur og metodar for ei aktuell problemstilling
  • integrere testresultat med anamnestisk informasjon og resultat generert frå andre undersøkingsmetodar
  • vurdere eigna tiltak for å hjelpe pasientar som har gjennomført ei nevropsykologisk undersøking
  • presentere nevropsykologiske resultat og tolkingar av funn ved ei nevropsykologisk undersøking
  • vurdere om og korleis personars etniske eller kulturelle bakgrunn krev tilpassingar (for eksempel tolk) av undersøkingar, behandling og rehabilitering

Generell kompetanse:

Ved fullført emne kan kandidaten:

  • reflektera over sin rolle som psykolog i møte med pasientar
  • reflektera over eigne avgrensingar i kunnskap og erfaring
  • vise ansvar for å skaffe seg kunnskap om sjukdomar, tilstandar og annet som er relevant for ei gitt pasientundersøking
  • identifisera når det er behov for hjelp frå kollegaer eller andre instansar
  • kombinere kunnskap av kvantitativ (f.eks. testresultat) og kvalitativ (f.eks. observasjon og anamnestisk) art i vurderingane sine

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet (PROPSY301-PROPSY304) må vere bestått.
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer

I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis neste semester.

Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/-notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på STAFF, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis neste semester.

Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på STAFF, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk undervisingsaktivitet:

  • Skrive refleksjonsnotat og anamnese,
  • Lage fordypningsforelsning i smågruppe
  • Deltagelse i praktikum og staff
  • Deltagelse på WISC/WAIS kurs
  • Obligatorisk oppmøte på alle delar av undervisninga, der fråværet blir berekna samlet for PRPSYK306 (del 1, del 2 og del 3).

I praksisperioden ved vår nevropsykologiske poliklinikk skal studenten:

  • ta del i og presentere i pasientsak på staff
  • ta aktiv del munnleg i praktikum

Vurderingsmåten for dei obligatoriske arbeidskrava er Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer
Emnet er greidd når alle obligatoriske undervisningsaktivitetar er gjennomførte og godkjende.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust / Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Programansvarleg
Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Eike Wehling
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet