Skule- og opplæringspsykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Undervisninga skal gi innføring i det ideologiske, juridiske og empiriske grunnlaget for dagens inkluderande skule og innføring i forsking om pedagogisk-psykologiske vanskar. Innføringa skjer gjennom ein kombinasjon av teoriundervisning og praksis, der studentane skal førebuast til å arbeide som psykolog med personar med pedagogisk-psykologiske vanskar, familiane deira, skulen som organisasjon og skulens eksterne støttesystem. Studentane skal få innsyn i dei vanlegaste vanskane som psykologen møter i arbeid i førstelinjeteneste, særleg i den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT), og aktuelle tiltak ovanfor desse vanskane.

Tema 1: Teori (7 sp)

Undervisninga skal gi studentane kunnskap om elevar med særskilte behov i skulen. Åtferdsvanskar, språkbaserte lærevanskar og generelle lærevanskar vil bli spesielt vektlagt, slik at studentane kan gjere greie for diagnostiske kjenneteikn ved desse vanskane, utviklingsforløp, komorbiditet, risikofaktorar, beskyttande faktorar og organisering av og innhald i opplæringstiltak. Studentane skal også lære om arbeidsmetodar i PP-tenesta: 1) Korleis PPT kan hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for elevar med særskilte behov, 2) Korleis PPT skal sørge for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det, og 3) Systemretta forebyggande arbeid i skulen.

Tema 2: Rettleia praksis (8 sp)

I praksis ved eit PPT-kontor skal studentane få ytterlegare innføring i det praktiske arbeidet i PP-tenesta og i arbeidet med kartlegging av og tiltak ovanfor elevar med pedagogisk-psykologiske vanskar. Studentane skal også få praktisk innføring i systemretta og forebyggande arbeid, i tråd med opplæringslovas bestemmelsar for verksemda ved PPT-kontor.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • gjere greie for det ideologiske og juridiske grunnlaget for tilpassa opplæring og ein inkluderande skule
  • gjere greie for dei vanlegaste pedagogisk-psykologiske vanskane i skulen, slik som åtferdsvanskar, språkbaserte lærevanskar og generelle lærevanskar
  • gjere greie for korleis skulen som organisasjon og skuleleiinga kan forebygge vanskar blant elevane, skape eit godt opplæringsmiljø, og legge forholda til rette for elevar med særskilte behov
  • gjere greie for oppgåvene til skulens eksterne støttesystem, særleg den pedagogisk-psykologiske tenesta
  • gjere greie for sentrale tema som PP-rådgivaren/PP-kontoret arbeider med og rådgivarens arbeidsmetodar
  • gjere greie for dei mest sentrale psykologiske aspekta ved funksjonshemming, funksjonsnedsettingar og syndrom
  • gjere greie for psykologiske aspekt knytt til tverrfagleg rehabilitering i ein skule- og opplæringskontekst.

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • gjennomføre kartleggingsmetodikk som grunnlag for val av tiltak ovanfor elevar med vanskar
  • gjennomføre kartleggingsmetodikk som grunnlag for val av tiltak ovanfor elevar og skulen som organisasjon og sosialt system
  • planlegge, gjennomføre og tolke intervju med foreldre og pedagogisk personale, samt observere og tolke åtferd hos barn og unge
  • gjennomføre evnetestar med barn og unge, basert på tidlegare undervisning og erfaringar i PP-praksis
  • anvende kunnskapane og ferdigheitene sine til dokumentasjon og kommunikasjon
  • skrive rapport om kartleggingsarbeidet.
  • selvstendig, og utan hjelpemidlar gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metodar innan emnet skole- og opplæringsspsykologi.

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

  • reflektere om det å ha utvikla forståing og respekt for variasjon i åtferd og evner innan elevgrupper
  • reflektere om det å ha forståing og respekt for ulike profesjonars arbeid med skuleelevar
  • identifisere og reflektere over etiske problemstillingar i arbeid med elevar og skulen som system og organisasjon
  • gjere greie for forskjellen mellom si eiga rolle som privatperson og som fagperson/psykologistudent i møte med elevar og ulike profesjonsgrupper
  • kommunisere om, og formidle, basalfagleg kunnskap både til andre faggrupper, spesialistar og allmenta.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust / Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.
Tilrådde forkunnskapar
.
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Profesjonsstudiet i psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
Teori- og praksisførebuande undervisning skal organiserast som forelesingar, seminar, ekskursjonar og studentpresentasjonar. Rettleia praksis skal gå over 20 dagar, totalt 140 timar, innanfor ein periode på 6-7 veker. Praksisen skal, så langt det er mogeleg, finne stad ved PPT-kontor i Bergen og nabokommunane. Kvar student skal ha 20 timar rettleiing, individuelt eller saman med medstudent(ar), gitt av pedagogisk-psykologisk rettleiar ved kontoret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Praksisperiode (blir godkjent av praksisrettleiar)
  • Gruppeoppgåve med presentasjon
  • Individuell oppgåve
  • Ekskursjon med presentasjon
  • Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

    Praksisrettleiaren skal skriftleg vurdere studentanes praksis som Bestått / Ikkje bestått.

    Vurderingsformer

    4-timars skuleeksamen med kortsvarsoppgåver og ei langsvarsoppgåve.

    Obligatoriske arbeidskrav må vere bestått før ein kan gå opp til eksamen.

    Karakterskala
    A - F
    Vurderingssemester
    Haust / Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil normalt vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret i Leganto.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
    Emneansvarleg
    Institutt for samfunnspsykologi
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet