Hjem
Studentsider
Masteremne

Personlighetspsykologi

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK308
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår / Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane kunnskap i sentrale perspektiv, teoriar, omgrep, tema, metodar og forskingsresultat innanfor feltet personlegdomspsykologi. Problemstillingar som vil bli presentert omfattar resiliens, patologisk utvikling og individuelle forskjellar. Studentane vil få kunnskapar om og erfaring i å relatere ulike personlegdomspsykologiske perspektiv til utøving av psykologrolla, og gjennom praksis, case-beskrivingar og øvingar lære å anvende psykologiske testar i samband med utgreiingar, samt relatere ulike personlegdomspsykologiske perspektiv til utøvinga av psykologrolla. Emnet skal introdusere faglege og etiske krav til psykologiske testar, og studentane skal også få ei innføring i bruk av sentrale statistiske reiskapar som blir brukte i testutvikling.  

Tema 1: Personlegdomsteori

Temaet personlegdomsteori skal gi studentane kunnskap i sentrale personlegdomspsykologiske perspektiv, teorier, omgrep, metodar og forskingsresultat på område som eksistensialisme, psykodynamiske teoriar, biologiske tilnærmingar, trekkteoriar, og læringspsykologiske tilnærmingar. Sentrale problemstillingar er resiliens, patologisk utvikling og individuelle forskjellar.

Tema 2: Testteori og faktoranalyse

Sentrale personlegdomsteoriar og personlegdomstestar bygger på testteoretiske prinsipp. Informert bruk av testar og teoriar føreset kjennskap til desse prinsippa. Studentane skal gjennom praktiske oppgåver få erfaring i bruk av sentrale statistiske reiskapar som blir brukte i testutvikling, samt i krysskulturelle aspekt ved testar. Kurset vil ha hovudfokus på praktisk erfaring med ulike faktoranalytiske teknikkar.

Tema 3: Kartlegging

Dette kurset skal gjere studenten i stand til å gjere greie for og kunne gjennomføre ei kritisk vurdering av sentrale problemstillingar, omgrep og forskingsresultat knytt til bruk av test som datainnsamlingsmetode, og som klinisk- og normalpsykologisk kartleggingsinstrument. Studentane skal lære å bruke testen MMPI.

Tema 4: Praksisøving / Case-arbeid

Studentane skal få erfaringsbasert læring i form av praksisøvingar eller case-arbeid. Praksis skal gjere kandidatene i stand til å gjennomføre utgreiingar ved bruk av ein vanleg personlegdomstest, gi ei kritisk tolking av resultat, og gi tilbakemelding på og rapportere desse i høve til vanlege retningslinjer for testbruk.

Tema 5: Emneoppgåve

Studentane skal skrive ei semesteroppgåve i personlegdomspsykologi. Oppgåva kan vere teoretisk eller empirisk. Alternativt kan studenten få høve til å arbeide som forskingsassistent.

Læringsutbyte

Kunnskapar

  • Kandidaten har avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap innanfor personlegdomspsykologi, herunder oppfattingar som ligg til grunn for ulike personlegdomsperspektiv og det empiriske grunnlaget for perspektiva.
  • Kandidaten har avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap om sammenhengen mellom teoretiske omgrep og testkonstruksjon.
  • Kandidaten har inngåande kunnskap om kvantitative forskingsmetodar som blir brukte innanfor personlegdomspsykologi, inkludert grunnprinsippa for datareduksjon, eksplorerande faktoranalyse, konfirmerande faktoranalyse og latent klasseanalyse.
  • Kandidaten har avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap om betydninga av standardiserte testar og normeringsprosedyrar, samt kriterium for test validitet/reliabilitet.
  • Kandidaten har kunnskap om prosedyrar for gjennomføring og skåring av NEO-PI og MMPI, og for formidling av testresultat.
  • Kandidaten har kunnskap om etiske og faglege krav til forsvarleg bruk av psykologiske kartleggingsmetodar.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre og fortolke ulike kvantitative analysar (inkludert faktoranalyse) basert på data om individuelle forskjellar.
  • Kandidaten kan anvende kriterium på test validitet/reliabillitet i vurderinga av testars kvalitet og bruksområde.
  • Kandidaten kan gjennomføre personlegdomspsykologisk kartlegging ved hjelp av testar.
  • Kandidaten kan under rettleiing planlegge, gjennomføre og formidle resultata av eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske retningslinjer, inkludert retningslinjene for medforfattarskap.
  • Kandidaten kan anvende relevant litteratur innan personlegdomspsykologi i teoretisk, empirisk og praktisk samanheng, og bruke sin informasjons- og forskingskompetanse til å oppdatere seg fagleg.
  • Etter arbeidet med emneoppgåva kan kandidaten analysere og anvende kunnskap frå personlegdomspsykologi på nye område innanfor psykologisk forsking og praksis, og slik bidra til fagleg nytenking.
  • Kandidaten kan kommunisere om og formidle kunnskap frå personlegdomspsykologi til allmenta.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan analysere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultat innanfor personlegdomspsykologi.
  • Kandidaten kan analysere og stille seg kritisk til personlegdomspsykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk og vitskapsteoretisk kontekst.
  • Kandidaten kan analysere og stille seg kritisk til faglege kjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement.
  • Kandidaten kan kritisk analysere og formidle relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
  • Kandidaten kan gjere greie for dei oppfattingane som ligg til grunn for ulike personlegdomsperspektiv og det empiriske grunnlaget.
  • Kandidaten kan bidra til fagleg nytenking ved å beskrive ulike sider ved psykologrolla der det er naturleg eller viktig å ha eit personlegdomsperspektiv.
  • Kandidaten kan beskrive bakgrunnen for og nytten av bruken av ulike typar personlegdomstestar, samt korleis testing blir gjennomført.
  • Kandidaten kan gjennomføre og tolke faktoranalysar.

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar, gruppeøvingar, praksis samt eigen erfaring med testing.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, seminar, gruppeøvelser, praksis samt egenerfaring med testing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Tema 1: Deltaking og framlegging av gruppeoppgåve. Studenten skal ta del i gruppearbeid og på presentasjon i plenum av gruppearbeid knytt til tema innan personlegdomspsykologiske perspektiv. Skriftleg og audiovisuelt materiale skal sendast til faglærar og studiekonsulent for distribusjon til dei andre gruppene på kullet. (Lærar godkjenner gruppearbeidet.)
  • Tema 2: Deltaking i utarbeiding og framlegging av gruppeoppgåve. Aktiviteten er obligatorisk. (Lærar godkjenner gruppearbeidet.)
  • Tema 3: Kartlegging. Deltaking i eigentesting og tilbakemelding. (Lærer godkjenner.) Deltaking i forelesing. 
  • Tema 4: Deltaking i praksisøving/case-arbeid. (Lærar godkjenner.)
  • Tema 5: Emneoppgåva: Skal presenterast for kullet i plenum under ein emneoppgåve-konferanse. Emneoppgåva blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent. (Lærar godkjenner.)

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 3 timer i temaet personlegdomsteori.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår / Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutiner for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet