Hjem
Studentsider
Masteremne

Psykologisk kartlegging

  • Studiepoeng6
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePRPSYK311A
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

6

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på klinisk psykologisk kartlegging. Dette omfattar utgreiing, diagnostisering, kasusformulering og journalføring av klientar sine vanskar og ressursar. Emnet skal gi kunnskap om spesifikke forhold og utfordringar ved kartlegging i ulike aldersgrupper.

Innhald

Emnet tar opp praktisk bruk av rådande diagnosesystem. Emnet omfattar også kartlegging av sentrale psykiske lidingar og problem hos barn, ungdom, vaksne og eldre ved hjelp av anerkjende kartleggingsmetodar og instrument. Det vil bli gitt opplæring i korleis ein gir tilbakemelding etter slik kartlegging. Emnet vil også gi opplæring i bruk av tilbakemeldingsinstrument for å kunne monitorere betring/forverring og terapeutisk allianse. Emnet gir vidare ei innføring i journalskriving og i vurdering av - og tiltak for - personar som står i fare for å ta livet sitt. Det vil bli gitt ei innføring i vurdering av sjølvmordsrisiko og forståing av faresignal med utgangspunkt i den kliniske samtalen.

Undervisninga i emnet vil gå parallelt med oppstart av PRPSYK314, der studentane vil få ytterlegare anledning til å bruke kartleggings- og tilbakemeldingsinstrument.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan ...

  • gjere greie for funksjon og innhald i ei kasusformulering og ein behandlingsplan
  • gjengi og gjere greie for trinna i diagnostisk kartlegging og vurdering
  • reflektere over moglegheiter og avgrensingar ved diagnosesystem og kartleggingsinstrument
  • gjengi og greie ut om pasientjournalens ulike føremål, og kjenne til rammer og retningslinjer for dokumentasjon og psykologfagleg arbeid
  • gjere greie for lettare og moderate psykiske lidingar, inkludert suicidalitet og traumereaksjonar
  • gjere greie for og drøfte sentrale element i vurdering av sjølvmordsrisiko og sjølvmordsførebygging i ulike livsfasar og ved ulike tilstandsbilete
  • gjere greie for risiko- og beskyttelsesfaktorar knytt til utvikling av psykiske vanskar og lidingar, og korleis dei opererer gjennom livsløpet som eit viktig utgangspunkt for kartlegging og kasusformulering

Ferdigheiter

Studenten kan ...

  • utføre ei diagnostisk vurdering
  • gjennomføre grunnleggande strukturerte psykologiske utgreiingar med relevante kartleggingsinstrument, som grunnlag for både diagnostiske vurderingar og kasusformuleringer, og gi tilbakemelding tilpassa pasientens alder og psykiske tilstand
  • hente inn systematisk tilbakemelding frå pasienten med omsyn til betring/forverring og terapeutisk allianse
  • lage utkast til ulike delar av journal (testrapport, anamnese, journalnotat)
  • analysere risiko for uønskte hendingar, herunder suicid, og bruke relevante metodar for å følge opp dette systematisk

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • utvise etisk, personleg og kunnskapsbasert refleksjon over eigen praksis og samhandling med klientar i ein kartleggingsprosess

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar med integrerte kliniske øvingar. Emnet har ei ramme på om lag 162 studentarbeidstimar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Godkjend kursprøve i praktisk diagnosesetting (blir vurdert av faglærar).

Kursprøva må vere godkjend for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

3-timars heimeeksamen med utgangspunkt i kasus.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Greidd / Ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust / Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet